Unge-voksne samling med Sarepta

Det er fredags kveld midt i september i 2020. Ute skin sola frå ein skyfri himmel og Notodden får vist seg frå si beste side. På Tinnesmoen Bedehus er Andrine og Olav Andreas i full gang med å sette opp stolar og bord med 1 meters mellomrom. Lyd og mikrofonar testast, lys tennast og handsprit plasserast ved inngongen. No er snart alt klart for unge-vaksne-kristne samling. For det er nemleg ikkje berre Notodden-folk som deltek denne kvelden. Frå aust, vest, sør og nord er det folk på veg mot Notodden. Det som i utgangspunktet var tenkt å bli ei lita samling i kjellarstova på bedehuset har utvikla seg til å bli ei storsamling med mellom 20 og 30 påmeldte. Mange av foreiningsmedlemma i NLM Notodden på Tinnesmoen Bedehus har falda hender for denne kvelden.

Så går døra opp og Jan-Tore Olsen, forkynnar i Sarepta, kjem smilande inn døra. Gjelsynsgleden er stor. Jan-Tore var nemleg lærar for Andrine på Bibelskulen Fjellheim i Tromsø for 10 år sidan. Og Olav Andreas kunne hugse tilbake til bibelcamp med Caminante i Malaga i 2017. Minna er mange og gleda er stor over å nok ein gang kunne samlast om namnet Jesus.

Etter kvart kjem dei tilreisande inn døra. Dei fleste av dei har køyrt i over ein time for å komme på samlinga. Mange kjenner nokon eller fleire frå før, medan andre ikkje kjenner så mange. Stemninga er god. Så er det tid for å starte samlinga.

Etter ei hektisk veke er det godt å få sette seg ned, omgitt av vener og bekjente og kunne rette blikket opp mot korsa på veggen og mot han som ein gong hang der. Både opningsord, song og tale målar Jesus for oss som han som har opna Himmelen. Frelsaren vår, og frelsaren min. Vi får høyre frå Apostelens gjerningar om Stefanus som vart steina. Og om at sjølv om alt såg så mørkt og meiningslaust ut for dei som stod rundt, så sa Stefanus: «Se, eg ser himmelen åpnet, og menneskesønnen stå ved Guds høyre hånd!» Frelsaren som har reist seg for å ta imot Stefanus med opne armar. Forsamlinga kjenner seg nok igjen i at livet til tider kan sjå både meiningslaust og mørkt ut. Men å få erkjenne at Jesus er nær også midt i sorg og motgang er stort.

Dette er og ein av grunnane til at vi ønskar å samlast på tverst av kommunegrenser og bedehus-tilhørigheit. Vi treng kvarandre og vi treng å få peike på Jesus for kvarandre. Dette vart også understreka i vitnedelen utpå kvelden. Når det vert trangare og trangare for Guds folk her i verda er det fantastisk å få minne kvarandre på at vi ein dag skal heim til Himmelen. Der er det ikkje sorg, smerte eller mørke. Der har vi ein trygg heim. Fleire fekk frimodigheit til å dele noko frå livet sitt eller noko som har blitt stort for dei i Bibelen i løpet av samlinga.

Kvelden går fort og vi får dele både pizza, tvist og gode samtalar. Nok ein gong kan vi konstatere at å få dele trua på Jesus med brødre og søstre ei veldig verdifullt og også nødvendig. Vi ønskar å halde fram med slike samlingar og vi håpar Jan-Tore har moglegheit til å komme tilbake ved ei seinare anledning. Vi ønskar han lukke til med alt som ligg framfor og hjarteleg velkommen tilbake!

Andrine Kvamme Bergsland

Hovedbilde: Adobe Stock