Samemisjonen og Sarepta

Landsstyret i Den Norske Samemisjon og styret i Misjon Sarepta har inngått ein intensjonsavtale om samanslåing. I skrivande stund veit ein ikkje om dette vert noko av. Det har vore ein del debatt om dette i Samemisjonen, og det vert spennande å sjå kva Landsmøtet (2.-4. okt) i organisasjonen seier.

I Sarepta har det ikkje vore registrert den store debatten om spørsmålet, men ein del er sikkert usikre, spørjande og kritiske, særleg ut frå debattinnlegg i Dagen. Nokre spør: Kvifor vil Sarepta dette? Hovudsvaret på det ligg i intensjonsavtalen, som ligg på heimesida til Sarepta.

Vi trur ei samanslåing vil vera positivt for Guds rike, ved at det vil styrka begge organisasjonane sitt arbeid. Det vil gjera det mogleg å skapa fleire møtestader mellom Guds ord og folk. Sidan planen er å byggja på Sarepta sin organisasjonsstruktur, fokuserer intensjonsavtalen særleg på konsekvensane for Samemisjonen. Det arbeidet Sarepta har, vil halda fram som no, særleg i Spania. Samstundes gjev samanslåing høve til utviding av arbeidet.

Sarepta vil få del i dei kontaktpunkta og forkynnarkreftene Samemisjonen har rundt om i landet, særleg på Nordkalotten. Den satsinga som Sarepta no har på å styrka forkynninga i landet vårt, vert med det intensivert. Sjølv om Samemisjonen går med store underskot, er det likvide midlar som gjer ei slik satsing mogleg, samstundes som ein får kontroll på økonomien.

Sarepta vil få del i det arbeidet som er knytt til Samemisjonen sine institusjonar og arbeidsgreiner, slik som radioarbeidet i Finnmark, Alta folkehøgskole, to leirstader, ulike bedehus og kapell og arbeidet på Kola.

Ved at vi på denne måten byggjer ut i Norden, vil vi utvida grunnlaget for satsinga i Spania og blant spansktalande generelt. Vi vil nå lengre ut med PR og invitasjon til det som skjer på Centro Sarepta. Vi vil kort og godt nå ut til fleire med Guds ord og med informasjon.

Johannes Kleppa