Lovverk – krenking og ytringsfridom

«Med lov skal landet byggjast, og med ulov øydast», seier eit gamalt ord. Det vil seia at lovgjevinga ikkje berre har med gjerningar å gjera, men også med haldningar. Rette lover skaper rette haldningar som fører til rette handlingar. Galne lover, eller ulover, fører til galne haldningar og galne handlingar.

For tida har vi her i landet særleg to tydelege ulover, friabortlova og den kjønnslikegyldige ekteskapslova. Bioteknologilova må også delvis seiast å vera ei ulov. Alle desse lovene er negative for samfunnet, fordi dei er i strid med Guds gode skaparvilje. Det er tydeleg at desse lovene på kort tid har skapt haldningar generelt i folket som det var nokså sterk motstand til for relativt kort tid sidan.

Dei fleste lovene går på gjerningar, men vi har lenge også hatt lover som verner mennesket sin integritet, eller mennesket sin personlegdom. Dette gjeld ikkje minst det som har med ærekrenking å gjera, altså vern om mennesket sitt gode namn og rykte, jfr det sjuande bodet. I det siste har denne typen lovgjeving vorte sterkt utvida, særleg med tanke religion, kjønn og rase. Det er lover som skal verna mot hat, diskriminering og krenking.

I utgangspunktet har den siste typen lover ein positiv intensjon, men dei kan likevel vippa over og få ein einsrettande ideologisk funksjon, der dei hindrar ytringsfridomen. Då verkar dei til fremje av statens ideologi, og fungerer som eit fleirtalstyranni og til undertrykking av mindretalet. I praksis vil det i eit avkristna og sekulært samfunn setja press på forkynninga av Guds ord, særleg lovens ord.

Det er rett at ingen skal diskriminerast, verta utsett for hat eller oppleva krenking. Rett nok vert det det ofte hevda at vi har rett til å krenka andre, når det går på meiningar og haldningar. Kristent sett må det vera ei kortslutning, som vi ikkje skal hata folk, skal vi heller ikkje krenka dei. Ei anna sak er at vi til tider må tola både hat og krenking.

Det avgjerande spørsmålet vert kva som er hat og krenking. Dersom definisjonsretten på dette einsidig vert lagt hjå den som meiner seg utsett for hat eller krenking, er vi ute og kjører. Då vert i røynda all debatt og kritikk som går på ideologi, haldningar og livsførsel avskoren. Då kan vi enda med at ei lita gruppe menneske med spesielle haldningar og synspunkt, får definisjonsretten på vegner av fleirtalet og styrer samfunnet. Det har vi alt sett tydelege teikn til når det gjeld kjønnstenking og samliv.

No er det på trappene ny lovgjeving på dette området, sjølv om vi alt har ei omfattande lovgjeving her. Vi skulle tru at vi ved den regjeringa som no har makta, ville det vera tydelege barrierer med tanke på å stiga inn på personlegdomsområdet, men den politisk korrekte kjønnstenkinga overstyrer dette. Slik utviklinga på dette lovområdet har vore den siste generasjonen, vil utviklinga utvilsomt gå i retning av at klassisk kristen tenking og forkynning vil verta ramma av lova, om det ikkje raskt skjer ei oppvakning på området. Vi må altså stålsetja oss på dette feltet, slik at vi ikkje firer på sanninga, men er villige til å ta konsekvensen av forpliktinga på Gud og Guds ord.

Midt i den negative utviklinga er det eitt positivt trekk, som Jon Kvalbein omtalte i Dagen 8/9 under overskrifta «En løfterik splittelse». Det gjeld at det er starta ein ny organisasjon for lesbiske, homofile og bifile, LLH 2019. Denne held på at det er to kjønn, slik naturen viser, og går sterkt i rette med Fri si totalt utflytande kjønns- og samlivstenking. Denne nye organisasjonen står ikkje for kristen tenking, men han tek langt på veg på alvor det som ligg i skaparordninga når det gjeld mann og kvinne. I lengda vil det vera umogleg for eit samfunn å overleva om ein legg seg på total kollisjonskurs med skaparordninga. Det kan opprettinga av LLH 2019 vera eit lite signal om.

Johannes Kleppa