Vigra

Fredag, 7. og laurdag, 8. februar fekk Vigra indremisjon besøk av Misjon Sarepta ved Lorents Nord-Varhaug.  Møta vart haldne på Vigra bedehus.  Eg såg med spenning og forventning  fram mot møta.   Mange hadde nok hatt møta på bønelista.   På dei tre bibeltimane hadde vi godt frammøte – i overkant av 40 tilhøyrar på kvar samling. 

Lorents Nord-Varhaug fremme til venstre

Temaet for bibeltimane var tekstane over likninga om såmannen.   Lorents fekk formidla god evangelisk forkynning både til ransaking og oppbygging.  Vi opplevde at møta var til fornying for bedehus fellesskapet. 

Misjon Sarepta hadde ikkje hatt møter tidlegare på Vigra, men nokre frå forsamlinga kjende til Sarepta sitt arbeid i Spania i det dei hadde vore med på Bibelkursa i Barcelona og på fjell leirane på Sarepta senteret i Albir.  Under møta på Vigra fekk Lorents gitt god informasjon om arbeidet som Misjon Sarepta får vere med på.

Forsamlinga på Vigra takkar Misjon Sarepta v/Lorents Nord-Varhaug som kom på besøk.

Lars Tolo

Hovedbilde: Hentet fra Vigra Bedehus sin facebookside