Calmeyergatelina og kaffikopp-teologi

Denne veka er det hundre år sidan det store vedkjennings- og kampmøte i Calmeyergatens Misjonshus. Nesten tusen kristenleiarar frå ulike lutherske samanhengar og frå store delar av landet var samla for å ta stilling til korleis kristenfolket burde møta den liberale teologien.

Det var svært stor grad av semje på alle dei avgjerande punkta. Hovudsaka var å verja det frivillig kristne arbeidet frå liberal teologi og vranglære. Dei kristne organisasjonane og bedehuset måtte vera arenaer der bibeltru teologi og sunn forkynning rådde grunnen. Difor måtte ein seia nei til samarbeid med liberale teologar, og syta for at arbeidet skjedd på bibelsk grunn. Dessutan måtte ein gjera det ein kunne for at barna ikkje vart påverka og forma av liberal teologi. Difor måtte ein syta for kristent sett pålitelege lærarar i skulen, eller ta seg av kristendomsopplæringa sjølv. Det siste er svært aktuelt i dagens skulesituasjon og med tanke på kristne skular.

Det var altså ei sterk offentleg markering av teologiske spørsmål, både i sjølve Calmeyergatemøte og i måten dette skulle fylgjast opp på. Det hadde sin grunn i at ein såg dei teologiske spørsmåla som svært viktig med tanke på livet og æva. Då måtte det offentleg markering til, slik at folk ikkje vart førte vill eller gjekk seg vill. Dersom ulike oppfatning i teologiske spørsmål berre er uttrykk for ulike meiningar menneske imellom, trengst det ikkje noko offentleg markering eller debatt. Då kan ein ta det heile over ein kopp kaffi, som kaffikopp-teologi eller som «teologi på tomannshand», som Sofie Braut kallar det (Dagen 14/1).

Det å få oppklart forhold på det personlege planet er bra, og det kan gjerne skje over ein kopp kaffi, men når det gjeld spørsmål av læremessig karakter eller andre spørsmål av allmenn karakter, må avklaringa skje i det offentlege rommet. Ein bør difor ikkje vera redd den offentlege debatten, heller ikkje i kristne samanhengar.

Tenkinga bak Calmeyergatelina er minst like aktuell no som for hundre år sidan, men problematikken har utvikla seg. No er det ikkje den samstemte oppfatninga og haldninga mellom det «arbeidande kristenfolket» eller i bedehusarbeidet som det var den gongen. Det er no ikkje berre spørsmål om korleis ein skal hindra liberal og usunn teologi i å koma inn på bedehuset og i dei kristne organisasjonane og institusjonane, men korleis ein taklar det når det har fått innpass der. Den liberale surdeigen må ikkje få bre om seg.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock