Gud er vår hjelp!

Helga 22.-24. november hadde Misjon Sarepta møte på Søre Sunnmøre. Forkynnaren Jon Håvard Gundersen og songaren Henning Bøe kom frå Stavanger og deltok på møta.

Songaren Henning Bøe

Dei fleste møta var i bedehuset i Ulsteinvik der Jon Håvard Gundersen tok oss med inn i tre salmar frå Bibelen. På fredagskvelden fekk vi høyre frå den mest kjende av salmane i Guds ord,  Salme 23. Han peika særleg på denne setninga i eit av versa: Du dukar bord for meg like for augo på mine fiendar. Jon Håvard fortalde om dei ulike fiendane vi kan møte på i livet og kor viktig det er for oss å ta for seg av dei rike rettane frå Guds ord. På laurdagskvelden blei vi mint om ein annan kjend salme, Salme 121. Denne salmen som fortel oss om at vi har ein allmektig Far som kan hjelpe oss i alle situasjonar vi kjem opp i.

Laurdag ettermiddag var vi på tur til heimbygda til Henning Bøe. Venneflokken på Bø og Sande bedehus tok varmt imot oss, og dei var glade for å sjå Henning igjen. Denne ettermiddagen var teksten frå då israelsfolket flykta frå Egypt. Dei var komne til Raudehavet, og bak dei kom egyptarhæren stormande. Alt såg umogeleg ut. Jon Håvard talte om dei mange vanskar vi kan møte i livet som ser uløyselege ut for oss. Han minna om at vi har ein allmektig Far som vil hjelpe dei som søkjer han.

På søndag formiddag var det avslutningssamling i bedehuset i Ulsteinvik. Denne dagen hadde Jon Håvard vald ein salme som er ukjend for dei fleste av oss, Salme 17.Denne salmen fortel oss mykje om Guds omsorg. Vi skal mettast når  vi ser Guds åsyn! Under talen hadde barna  søndagskule i peisestua, og før dei gjekk dit song vi barnesongar. Vi hadde nattverdstund, og møtet  vart avslutta med mat og kaffe.

Henning Bøe hadde vald ut gode evangeliske songar, og han framførte dei med kraft og varme til signing for tilhøyrarane. På søndag fekk han også møte mange som kjende han frå ungdomsarbeidet då han budde på Sunnmøre.

På samlingane vart det informert om arbeidet til Misjon Sarepta, og vi blei mint om å støtte arbeidet i Spania i bønn og offer.

Ståle Tønnesen

Hovedbilde: Jon Håvard Gundersen (Bildet er tatt på Centro Sarepta)