Bibelfundament og misjonsarbeid

Som alt kristenliv må ha Bibelen som fundament, må også alt misjonsarbeid ha det. Det er ein indre samanheng mellom det personlege gudslivet og misjonsarbeidet. Alt misjonsarbeid vil ha sin profil og si åndskraft ut frå den plass Bibelen og forkynninga har i arbeidet. Eit kvart misjonsarbeid bør difor ha nokre sentrale samlingar som dannar eit fundament for arbeidet og er eit samlingsmerke for kallet.

For Sarepta har bibelhelga i slutten av juni, hatt ein slik funksjon. Dette ha vore viktige samlingar for organisasjonen, ikkje berre for dei som har vore deltakarar. Ein tenkjer kanskje for snevert om slike bibelhelger, fordi ein fokuserer for einsidig på deltakarane. Det som skjer av forkynning og åndssamfunn på Sarepta si årlege bibelhelg i juni, er med og dannar den åndelege berekrafta i arbeidet. Det er difor viktig med god oppslutning og god åndeleg substans knytt til helga.

Det kan vera fleire grunnar for at folk reiser på denne bibelhelga. For mange er sikkert grunnen både at ein vil lytta til solid forkynning og at ein vil leva med i Sarepta sitt arbeid. Begge delar er viktig, men ein bør tenkja enda større om deltakinga si. Ein er som deltakar med og legg fundamentet for Sarepta sitt arbeid, ved at ein lyttar til forkynninga og er del av det åndelege samfunnet. Ein bidreg på den måten til noko ut over seg sjølv og inn i eit misjonsarbeid.

Eit misjonsarbeid som ikkje har ulike samlingar der ein gjennom forkynning legg eit bibelfundament og åndsfundament for arbeidet, vil anten tørka bort eller gli over i det sosiale. Større organisasjonar bør ha fleire slike samlingar. Frå starten av har bibelhelga på Bygland og no på Holmavatn hatt ein slik sentralfunksjon for Sarepta, men også nyttårskonferansane for ungdom har hatt noko av same funksjonen. Også bibelcampen på Holmen leirsted i Troms er viktig slik sett.

Siste helga i juni går bibelhelga på Holmavatn av stabelen. Det er å vona at mange finn vegen dit, både som faste deltakarar og til dei ulike bibeltimane og møta, anten det er på Holmavatn eller på Nærbø bedehus. Vi trur folk vil ha glede og utbytte av det, og vi veit det er viktig for Sarepta sitt kall og arbeid, anten det er i Noreg og Norden eller i Spania og over til Nord-Afrika.

Det er alltid viktig at det vert lagt eit bibelfundament og åndsfundament både i eins eige liv og i misjonsarbeidet. Slik dei åndelege utfordringane er i vår tid, trengst det i særleg grad no.

Johannes Kleppa

Hovedbilde er fra bibelhelga på Holmavatn i 2018