Bedehussal og sekulære nordmenn

Sal av bedehus fører mange tankar og kjensler med seg. Eg har skrive om dette før, og eg har ut frå debatten om dette i det siste, kome til at bedehus ikkje bør seljast til anna religiøs verksemd eller til bruk for å fremja ikkje-kristne livssyn. Det gjeld langt på veg også leirstader og kristne skular. Hus og eigedomar som er bygde for og vigsla til å verka til folks frelse og kristent liv, bør ikkje seljast til avgudsdyrking eller til noko som står i fortapinga si teneste.

Nokre har innvendt mot dette at bedehuset etter sal uansett ikkje vil stå i teneste for Guds ord, og att alle treng frelse – anten dei er muslimar eller materialistar. Det er sjølvsagt rett, og det er viktig å få fram, men det er på sida av saka når det gjeld sal av bedehus. Det er lett å tolka motstanden mot å selja bedehus til moske eller anna religiøs verksemd, som (berre) kjensler, men det er å underkjenna alvoret i denne saka. Det dreier seg om eit åndeleg prinsippspørsmål.

Når det vert argumentert med at ein ut frå ein «lågkyrkjeleg ståstad» ikkje finn å setja bestemte grenser for kva eit bedehus kan seljast til, sjølv om det er vigsla, har ein definert det lågkyrkjelege på ein utilbørleg måte. Det skal godt gjerast å vera meir lågkykjeleg enn eg er, men det gjer meg ikkje blind for kva eit bedehus kan seljast til! Det er ikkje huset, men bruken av huset som er saka – både medan det er bedehus og etterpå.

For meg er det også litt underleg at ein brukar det lågkyrkjeleg til (nesten) å underkjenna at det at huset er vigsla, har noko å seia for vurderinga av huset. Har heller ikkje vigsling av misjonærar eller andre misjonsarbeidarar noko betydning? Sjølv om ein ikkje tenkjer katolsk om «inngytt nåde» i folk eller hus ved vigsling, meiner ein vel med vigslinga å helga dei til teneste for Gud? Det bør vel ha konsekvensar for bruk av både folk og hus?

Det har i denne saka vorte hevda folk utan kristen vedkjenning treng Jesus som sin frelsar like mykje som muslimar. «Det er rett og slett ubibelsk å betrakte sekulære nordmenn som langt mindre villfarne enn muslimer,» skrive Espen Ottosen på leiarplass i Utsyn 14. juni. Det er korrekt, og det er viktig at dette vert løfta fram. Sekulære nordmenn er i stor grad bundne av materialisme, og vi bør vera mykje meir opptekne med den åndsmakta som ligg i materialismen, enn vi er – både med tanke på kristne og ikkje-kristne. Vi må også vera opptekne med å sikra samvitsfridom og trusfridom.

Ved sal av bedehus er det likevel ikkje spørsmålet om kven som treng frelse, som er saka. Spørsmålet er kva teneste huset skal ha, om det ikkje lenger er mogleg å få brukt det i kristen teneste – som bør vera hovudmålet. Skal det då tena i samfunnet, altså innan det verdslege regimentet, til beste for kristne som ikkje-kristne uavhengig av frelsesspørsmålet, eller kan det også tena til avgudsdyrking og til fortaping?

Ja, alle menneske treng frelse – og hjå oss er dei fleste slike sekulære materialistar, men er det greit at bedehus vert selde til funksjonar som aktivt hindrar folk i å verta frelste? Det er spørsmålet.

Johannes Kleppa