Historisk fjelltur-leir

Då er den første fjelltur-leiren ved Centro Sarepta i gang, med fullt hus. Symbolsk nok starta det med at den første turen gjekk til det høgaste fjellet i området, Aitana, vel 1500 meter høgt. Rett nok starta turen på 1000 meter over havet, slik at stigninga ikkje vart meir enn 500 meter.

Det meste av turen var på god sti gjennom eit flott landskap med god utsikt, men eit parti var det bratt, litt klyving og tronge passasjar. Sidan deltakarane er frå 14 til 81 år, var det imponerande at alle kom opp – og at alle kom uskadde nedatt til middag. Dei neste dagane skal nye toppar inntakast og nye dalar utforskast. Det er mange spennande fjellformasjonar å sjå i områda rundt Centro Sarepta.

Deltakarane kjem frå ulike delar av Noreg, frå Levanger til Flekkerøy. Mange har ikkje vore på Centro Sarepta før, eller hatt nemneverdig kontakt med arbeidet, medan andre har hatt tett kontakt like frå starten. Frå dag ein har humøret og fellesskapet vore på topp.

Lorents Nord-Varhaug har bibeltimar frå dei første kapitla av Johannesevangeliet, og vektla i den første timen korleis Jesus er den berande gjennom alt, frå skaping via det som gjeld livet til frelsa og æva. Fjella er flotte, men Ordet og forkynninga er viktigast.

Den første fjelltur-leiren vert garantert ikkje den siste, om jorda står og Centro Sarepta lever. Fleire av årets deltakarar vil også garantert koma tilbake, slik at det kan vert konkurranse om plassane på komande leirar.