Statsmakt – keisardyrking og politikk

Det går føre seg mange debattar om politikk i samfunnet vårt, og for tida går det ein intens diskusjon og kva vegval Kristeleg Folkeparti skal gjera i høve til venstresida og høgresida i norsk politikk. Dette er ikkje ei politisk spalte, så eg skal ikkje gå inn på det spørsmålet, men det er eit element som er aktuelt både i denne samanhengen og i politikken generelt, som eg meiner ikkje vert tillagt nok vekt. Det gjeld kva rolle staten skal ha etter Guds ord, og kva rolle styresmakta ofte inntek i strid med det mandatet staten har som skaparordning.

Styresmakta er ei Guds ordning for å fremja den gode og hindra den vonde gjerninga (Rom13). Problemet er at styresmakta til tider inntek ein motsett rolle, og det vil på det mest ytterste skje ved antikrist og det antikristelege riket (Op 13 og 17). Styresmakta kan opptre i strid med den oppgåva Gud har gjeve henne, i hovudsak på to måtar. Det eine er når styresmakta fremjar den vonde gjerninga, i staden for den gode. Det skjer både ved lov og økonomi. Det fremst dømet på dette i vårt land, er fri abort eller fritt fosterdrap, men også kjønnslikegyldig «ekteskap» fell inn under dette.

Den andre måten er når styresmakta går ut over sitt mandat, og med det går inn i det som høyrer samvitet og Gud til. Det skjer når styresmakta vil bestemma kva menneske skal tenkja, tru og meina, altså når styresmakta opptrer med ideologisk tvang. Det er det som kallast keisardyrking, altså at styresmakta krev at borgarane skal tenkja og tru slik ho bestemmer. Her i landet var den nazistiske styresmakta under siste verdskrigen eit tydeleg døme på det. Både høgsterett, prestane og lærarane nekta å bøya seg for det kravet, og med det vart det inga keisardyrking. Folk vart med det ikkje forma av styresmakta sin ideologi.

Ei kvar styresmakt ber i seg ein kime til å vilja styra folk ideologisk, altså avgjera kva som er akseptabelt av meiningar og tru. Det er den babyloniske eller antikristelege tendensen som ligg i styresmakta i syndefallets verd. Styresmakta vil ha makt over folket når det gjeld kva som er rett og gale, og med det vil styresmakta ha ei form for tilbeding frå folket. Då set ein seg i Guds posisjon, og overkjører den einskilde sitt samvit. Dette skal vi alltid vera på vakt mot.

Generelt og ideologisk sett er det venstresida i norsk politikk som vil ha den sterkaste staten og ved lov og økonomi styra ideologisk og livssynsmessig. Dette ser ein tydeleg i spørsmålet om friskular. Diverre har det vorte slik at høgresida har teke etter denne ideologiske styringsviljen, slik som i spørsmålet om kjønn og ekteskap. Synet på statsmakta bør vera eit avgjerande punkt i kristen tenking om staten, styresmakt og makt, og med det korleis ein arbeider politisk.

Johannes Kleppa

 

Bilde: Fotolia