Første avslutningsfesten

Det har vore mange avslutningsfestar opp gjennom historia, og enda fleire avskjedar. No har vi hatt den første avslutningsfesten også på Centro Sarepta, og etter ein avslutningsturne står avskjeden for døra for dei som har fylgt undervisninga på bibel- og opplæringssenteret eitt år eller eitt semester. Evalueringa viser at det har vore eit godt år, sjølv om det alltid er noko som kan gjerast betre. Det å vera pionerar, har alltid både pluss og minus ved seg.

Avslutningsfesten var open, men i praksis var det ein internt fest, men eit ektepar som ikkje hadde vore på møte på senteret før, stakk innom. Det var hyggleg, og dei viste stor interesse for arbeidet. Elevane fekk vitnemål – eller diploma på spansk, som uttrykk for at dei hadde fylgt undervisninga – fem på norsk og fire på spansk. Elevane hadde helsing med takk.

Avslutningsfest CS 18 - 1 Avslutningsfest CS 18 - 3
(
En av elevene måtte dessverre reise hjem før de to bildene over….ble tatt)

Festen gjekk på norsk og spansk med tolking av alt som skjedde. Anten det er fest eller noko anna, er Ordet og forkynninga det viktigaste. Gjennom undervisningsåret har alle som har fylgt undervisninga, vorte ført inn i ordet om krossen, og med det overletne til Guds nådeord, som kan vara Guds folk hjå Herren og i den kristne forsamlinga, slik Paulus sa det til dei eldste i Efesus (Apg. 20.32). Det skjedde også på festen.

Avslutningsfest CS 18 - 2

Ved denne avslutningsfesten har Centro Sarepta vore gjennom sitt første årshjul, og mykje har skjedd. Mange ha vore innom senteret, og mykje har skjedd på det praktiske og organisatoriske planet. Mykje ligg godt til rette for vidare arbeid. Kontakten med spansktalande utvidar seg stadig, og det er fleire som har signalisert at dei vil fylgja den spanske undervisninga til hausten. Det vert spennande å sjå kor mange som kjem, men det kan lett skje at det vert fleire i den spanske klassen enn i den norske!

Vi vonar enda fleire søkjer det tilbodet Centro Sarepta gjev, både på heilårsbasis og som kortare opphald. Det første året har vist at staden og opplegget fungerer godt!

Året som ligg bak og avslutningsfesten løyser ut takk og glede, og spenning og von med tanke på det som ligg framover. Det løyser også ut kall til forbøn og teneste.

Johannes Kleppa