Støttemedlemskap – nyttårsønskje og julegåve

 

«Vi synest det er stort det som har skjedd så langt innan det vesle arbeidslaget som Sarepta er, men utfordringane er så mange og behovet så stort, at vi vil nå lenger.»

Tidleg i 2015 gav eg uttrykk for eit nyttårsønskje, som eg hadde god von om at ville verta oppfylt. Det dreidde seg om å få hundre støttemedlemmar i Sarepta i løpet av våren. Diverre vart ikkje ønskjet oppfylt, sjølv om vi har fått ein del nye medlemmar. No fører eg nyttårsønskjet over til eit ønskje om julegåve! Eg vonar at ein god del gjev Sarepta den julegåva at dei vert støttemedlemmar, og med det er med og ber arbeidet i bøn og omsorg, som i økonomi.

Når eg gjev uttrykk for dette ønskje, har det ikkje sitt utgangspunkt i nokon økonomisk krisesituasjon i Sarepta. Til denne tid har vi fått alt vi treng til det arbeidet vi så langt har hatt høve til å driva. Slik sett er økonomien som eit lite under. I tillegg til støttemedlemmar og andre faste gjevarar er det stadig folk som sender både store og mindre beløp, og kollektane er også gode. Fast gjevarteneste i form av støttemedlemskap er like fullt ei forplikting som er med og skaper tryggleik i arbeidet.

Vi ønkjer å bruka minst mogleg tid på å samla inn pengar, og mest mogleg tid på forkynning og å møta einskildpersonar med Guds ord. Dette vonar vi å forsterka i 2016, og med det trengst det også auke i inntektene, og fleire som står med i arbeidet på det åndelege planet. Vi synest det er stort det som har skjedd så langt innan det vesle arbeidslaget som Sarepta er, men utfordringane er så mange og behovet så stort, at vi vil nå lenger.

Sarepta er bygd opp etter ein modell som skal gjera arbeidet både økonomisk og administrativt mest mogleg effektiv og billig. Vi øskjer i stor grad å basera arbeidet på ulønna medarbeidarar og på å engasjera folk i kortare periodar til bestemte oppgåver, men vi treng også fleire fast tilsett. Ved å få fleire faste medarbeidarar vert vi mindre sårbare og meir fleksible enn vi er no. Her står vi både overfor utfordringar og opne dører i 2016, og den som vil bidra i denne situasjonen, er hjarteleg velkomen med den julegåva det vil vera å verta støttemedlem – eller med andre julegåver!

One thought on “Støttemedlemskap – nyttårsønskje og julegåve

Legg igjen en kommentar