Kristian Fagerli har for tida møteveker i Ryfylke.
I forrige veke fekk Årdal i Hjelmeland kommune og Voster i Strand kommune besøk.
I går mandag 21. august var me heldige å få ha møte på Jelsa bedehus. Dette blei ei god samling om Guds ord kor me fekk lytta til forkynning både til ransaking og trøyst.
Det var og fint å få høyra om bakgrunnen og den nød som førte til at Misjon Sarepta blei stifta for 9 år sidan.
Me var samla omlag 30 personar frå dei fleste grendene i Suldal kommune. Det er lenge sidan at så mange har vore samla til møte på Jelsa bedehus.
Flott var det og at Asbjørn Nordpoll var med på møtet kor han fortalte om si oppgåve som Misjon Sarepta sin koordinator for møteverksemd i Ryfylke.
I dag tysdag 22.08 held møta fram på Tau, vidare til Bjørheimsbygd på onsdag. Møteveka blir avslutta på Heia bedehus torsdag til sundag 24-27.08.
Lars Nessa