Kyrkja – synd og semje

Det har vore mykje debatt og usemje i Den norske kyrkja (Dnk) den siste generasjonen, med dramatiske konsekvensar og mykje splitting. Diskusjonane har ein tendens til å toppa seg ved Kyrkjemøtet. Samstundes melder då behovet seg for å understreka kva ein er samde om. Det vert gjerne sagt at det ein står saman om, er meir og viktigare enn det ein er usamde om og det som splittar. Inn i denne situasjonen krevst det kritisk-analytisk tenking, ikkje berre positiv tolking og velvilje – sjølv om det siste ofte er bra, fordi vi skal ta alt opp i beste meining.

I kyrkjelege dokument er det ofte formuleringar som nesten alle vedkjennande kristne etter sin ordlyd kan og må seia seg samde i. Går ein inn i teksten og les denne i lys av totaliteten i Dnk, vert saka heilt annleis. Frå ulike hald vert det også oppmoda til å stå saman, fordi Dnk når så mange og er så viktig. Det gjeld å fokusera på det positive og konsentrera seg om det ein er samde om, og då vert det gjerne vist til at ein står saman om evangeliet. Då får vi utsegn av typen: «Uenighetsfellesskap kan en kun ha der en er tydelig på hva vi er enige om.» Med tanke på breidda i Dnk og kva ein legg i ord som synd og nåde, lov og evangelium, frelse og fortaping, dåp og tru, er det komplett umogleg å vera tydeleg om noko som helst. Rett nok kan prestar lokalt forkynna bibelsk i sine kyrkjelydar, der forsamlinga aksepterer det.

Det fundamentale spørsmålet er kva ein meiner seg faktisk å vera samde om, og då særleg kva ein legg i ordet evangelium og kva det vil seia å forkynna Jesus Kristus. Det at ein brukar same orda, vil ikkje seia at ein legg det same i dei. Bibelen omtalar faren for å forkynna «eit anna evangelium». Det å bruka bibelske kjerneord med eit nytt innhald, har vore ei kjernesak i liberal teologi. Det å framheva at det er «mykje Jesus» på Kyrkjemøtet, kan vel så mykje villeia og forføra, som det opplyser og inspirerer. Det ville forresten vore sensasjonelt om ikkje Jesu namn ofte vart nemnt på eit kyrkjemøte.

Det er ei kjent sak at Dnk går inn for homofilt samliv og likekjønna ekteskap. Med det har ein definert inn under Guds velsigning det Skrifta definerer som synd. Ein har teke bort behovet for omvending og syndstilgjeving på dette området. Det same gjeld heterofilt sambuarskap. Ein har fjerna ei grense med tanke på det Skrifta seier om kven som vert frelst. Då har ein omdefinert evangeliet.

Apostelen Paulus gjer det klinkande klart at eit liv i synd, inkludert homofilt samliv, er i strid med den sunne læra og evangeliet, altså ikkje berre eit spørsmål om etikk. I møte med eller saman med den nye forståinga av homofilt samliv og likekjønna ekteskap, er det komplett umogleg å halda fram heile evangeliet. Det ville innebera at Dnk måtte ta oppgjer med seg sjølv, venda om og gå tilbake til det klassiske og bibelske synet på samliv og ekteskap.

Under Kyrkjemøtet heldt preses for Bispemøtet, Olav Fykse Tveit, ei preike der han talte om synd, og han gav fleire grunnar for at vi må forkynna om synd. Samstundes er den same biskopen i front for å forsvara homofilt samliv og samkjønna ekteskap. Han har altså oppheva Bibelens tale om synd på eit svært sentralt livsområde. Då kan det vel gjerast å på andre område også?

Det som karakteriserer Fykse Tveit si framstilling av synd, er at han tenkjer i moralske og politiske kategoriar. Det han seier, vil kristne i stor grad vera samde om. Problemet er det han ikkje seier, og den totalforståinga av synd det slik skaper. Det eine er at han har utdefinert viktige samlivs- og ekteskapsspørsmål frå syndsomgrepet. Det andre er at han ikkje går nemnande inn på kjernespørsmålet når det gjeld synd, nemleg at dette er opprør mot Gud, at vi med det står med skuld for Gud og at vi er fortapte. Skuldspørsmålet, som altså er hovudsaka, vart av den leiande biskopen berre nemnt i forbifarten. Med det vart spørsmålet om forsoning og syndstilgjeving som ein parentes i preika. Det som skulle ha vore dynamikken og berebjelken i talen om synd – skuld, soning og tilgjeving – vart noko utvortes og sjølvsagt.

Når ein skal vurdera utviklinga i Dnk og det som skjer på Kyrkjemøtet, må ein ta på alvor strukturen og djupna i utviklinga. Ein kan ikkje berre sjå på kva ord som vert brukte, men ein må kritisk etterprøva kva dei tyder og kva verknaden av dei er. Dersom ein berre held seg på overflata og til det ytre, kan ein lett la seg forføra og villeia andre. Det er ikkje til å koma frå at vi med tanke på Dnk og åndssituasjonen i landet vårt generelt, er i ein svært alvorleg situasjon.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock