Så var tida komen for å ønske velkommen til det 6. sareptamøtet på Notodden. Dette møtet hadde mange sett fram til i lang tid, og vi hadde tilreisande frå både nær og fjern. Denne gongen var det Bedehuset til Notodden Normisjon som var varma opp og klargjort for kvelden. Gamle og unge trossa det glatte føret og samla seg i benkeradene. Tidlegare har både Hans Bergane, Tor Andre Haddeland og Tom Eftevand representert Sarepta på møta på Notodden, men for første gang var det Finn Asmussen frå Skien som skulle tale. Finn har vore på Notodden fleire gonger før i andre samanhengar, og gjensynsgleda var stor blant medlemmane i forsamlinga.
Det vart eit fint møte. Randi Therese og eg bidrog med song og musikk og Olav Andreas stod for opningsordet om Kongenes Konge. I tillegg fekk eg, Randi Therese og Finn lyst til å synge ein song saman for første gong. På tross av aldersforskjell og ulik bakgrunn kunne vi samstemt synge om vår frelsar:
«Hele veien går han med meg, å, kva kan jeg ønske mer?
Kan jeg tvile på hans godhet når hans ledelse eg ser?
Himmels fred og salig trygghet i min Jesus har min sjel.
For jeg vet, hva enn meg møter, Jesus gjør dog allting vel.»
Finn delte Guds Ord frå Filipperbrevet med ein glede og entusiasme som kunne varma sjølv dei frosne gatene på utsida av bedehuset. Han fekk peike på kor rike vi er, vi som er Guds arvingar, og fortelje om det spennande og utfordrande misjonsarbeidet i Spania og Europa. Forsamlinga lytta og fekk ta til seg av den gode bodskapen, medan minstemann (frøken) i salen satt fredeleg og perla og teikna.
Før vi delte broderskap, kaffi og kake konkluderte Finn med at vi er fantastisk rike, vi som får ha Himmelen som vårt heimland. Og det er det godt å bli minna om no når vi går inn i førjulstida med julegåvehandling og alt som høyrer med.
Vi vil med dette seie tusen takk for besøket til Finn, og ønske han og Misjon Sarepta hjarteleg velkommen tilbake til Notodden!
Andrine Kvamme Bergsland
Bilde: Finn Asmussen på talerstolen