Kvinnelege prestar og debatten om det

Det har etter kvart vorte så mange kvinnelege prestar i Den norske kyrkja (Dnk), at det har vorte heilt vanleg. For den som meiner kvinneleg presteteneste er mot Guds ord, og med det ikkje vil gå til gudsteneste der ei kvinne preikar eller forrettar, skyv denne situasjonen ein bort frå Dnk. Dessutan er det fleire år sidan det var ein biskop som nekta å ordinera eller innsetja ein kvinneleg prest, sjølv om det så seint som på 1960-talet var nesten unison motstand mot kvinnelege prestar i Dnk.

FFB held likevel oppe sin motstand mot kvinneleg presteteneste, og utgav for litt sidan ei bok med opptrykk av artiklar skrivne av tidlegare teologar. Boka er redigert av VID-professor Knut Alfsvåg, som altså er kvinneprestmotstandar. I ein kommentar til boka fekk rektor ved VID, Bård Mæland, seg til å seia at «debatten om kvinners prestetjeneste er over». Det er ei utruleg og arrogant utsegn frå ein teologisk professor, ikkje berre overfor sin kollega, men inn i norsk kristenliv og økumenisk sett.

Dersom ein ikkje løftar blikket høgare enn til Dnk, VID og MF, kan det langt på veg stemma, men då gir ein også eit tydeleg signal om at her vil ein ikkje lenger ha slik debatt – og dei som framleis er mot kvinnelege prestar, må finna seg ein anna stad å vera. Denne typen utsegner gjer det trongt for folk som er samvitsforplikta på sitt nei-standpunkt. Leiarartikkelen i prestebladet Luthersk Kirketidende nr. 20/19 dreg i same retninga, diverre.

Løftar ein blikket litt ut over Dnk og presteutdanninga, vil ein sjå at i mykje av bedehusarbeidet held ein opp sitt nei til kvinnelege prestar, men då under stikkordet «tenestedeling», som seier at det er ein mann med nådegåveutrustning som skal ha lære- og hyrdetenesta. For Misjon Sarepta sin del har vi endatil vedtektsfesta dette ved å seia at styret skal bestå av menn, fordi det er lære- og hyrdeorganet i organisasjonen. Dette kan ikkje endrast.

Løftar ein blikket enda eit hakk, vil ein sjå at verdas største kyrkjesamfunn, Den romersk-katolske kyrkja, også held fast på sitt nei til kvinnelege prestar. For nokre år sidan kom faktisk paven med ein uttale i saka, som var så læremessig sterkt formulert ut frå paveembetet, at nokre meiner han talt ex cathedra, altså ufeilbarleg katolsk sett. I så fall er debatten over, men med motsett forteikn av det VID-rektoren meinte. Den ortodokse kyrkja og fleire andre store kyrkjesamfunn seier også nei til kvinneprestar.

Det å hevda at debatten om kvinnelege prestar er over, er ikkje berre arrogant og i strid med fakta, men det er også maktspråk. Den som seier nei til kvinneprestar, vert då ikkje rekna med, men vert sett utafor – om han ikkje tilpassar seg. Teologisk argumentasjon, eller argumentasjon i samvitsspørsmål generelt, skal ikkje førast med maktspråk.

No er det likevel ikkje spørsmålet om debatten er over eller ikkje, som avgjer saka om kvinnelege prestar og tenestedeling. Det gjer Guds ord. Så lenge det lyder som det gjer, og det vil det gjera til Jesus kjem att, vil det vera motstand mot kvinneleg presteteneste og ein vil leggja prinsippet om tenestedeling til grunn for spørsmålet om menn og kvinners teneste i den kristne forsamlinga og i misjonsarbeidet.

Johannes Kleppa

Bilde Adobe Stock