Ungdom og kristne skular

I det siste har vi i Dagen kunne lesa gledelege reportasjar om at mange unge søkjer til kristne vidaregåande skular og til bibelskular. Dette er noko av det mest gledelege og oppløftande som kan skje. Det skaper von for framtida.

Kristne skular på alle nivå og av alle typar er truleg det viktigaste barne- og ungdomsarbeidet vi har for tida, kanskje det mest strategiske i alt av kristent arbeid. Her møter unge Guds ord til frelse, og her får kristen ungdom hjelp til å leva som kristne og til å vera og verta Kristus-vitne. Dei får forma sin personlegdom ved Guds ord, slik at dei kan verta kristne personlegdomar gjennom livet. Det som skjer ved kristne skular, er viktig der og då, men det er nok aller viktigaste med tanke på livet som fylgjer etter.

Styresmakta prøver stadig vekk å leggja kjelkar i vegen for kristne skular på alle nivå. Det kjem lover og signal som vil innskrenka kva kristne skular kan undervisa, særleg på etikkens område og det som gjeld skapinga. Den økonomiske støtta prøver ein også å stramma inn på, slik at det vert vanskelegare å driva skulane og dyrare for dei unge å gå der. Når ein trass i dette ser den søknaden som no er til kristne vidaregåande skular og bibelskular, er det ekstra gledeleg. Det er noko også politikarar i alle parti burde merka seg.

Det var lenge ein kamp for å få økonomiske støtte til kristne skular, og i starten dreidde det seg i stor grad om fagskular, slik som jordbruksskular. Frå rundt 1970 fekk vi ei lovgjeving som sikra slik støtte, men det har heile tida vore politisk kamp på dette området. Friskular ha alltid vore ein raud klut for den politiske venstresida, men også det politiske sentrum og den politiske høgresida har til tider vore lunkne og unnfallande, særleg med tanke på å få sikre og likeverdige økonomiske ordningar som svarar til den offentlege skulen.

Vi må rekna med stadig kamp for kristne friskular, og det er truleg bibelskulane som vil merka dei økonomiske innstramingane først og sterkast. I denne kampen er det viktig at ein ikkje går på teologisk eller ideologisk kompromiss. Det vil undergrave heile poenget med kristne skular. Vi må førebu oss på at vi som kristenfolket må ta større økonomisk ansvar på dette området, og finna måtar å driva på som sikrar dette tilbodet til barn og unge på måtar som ivaretek den kristne opplæringa og oppsedinga. Vi må særleg vera vakne for dette med tanke på bibelskulane.

Både vidaregåande skular og bibelskular har ulike profil, både ut frå kven som driv dei og ut frå fag og opplegg. Det er naturleg, og det ligg i ei fri skulerørsle at det må vera slik. Det gjer samstundes at ikkje alle foreldre og alle unge finn seg like godt heime over alt, men då kan og må ein velja ut frå eiga overtyding. Det er generelt viktig alle kristne friskular er forplikta på Guds ord og kristen røyndomsforståing, og underviser i samsvar med det. Det er det som formar unge til kristne personlegdomar som kan få betyding for heile livet.

Kristne organisasjonar, forsamlingar og kyrkjesamfunn må støtta godt opp om kristne skular av alle typar og på alle nivå. Det same må kristne foreldre gjera. I stor grad gjeld framtida for kristne skular kristendommens framtid i folket vårt generelt. Det er lite som skaper meir sorg i hjarta mitt enn når kristne skular slit, og det er lite som skaper meir glede enn når kristne skular er i framgang – kanskje gjeld dette aller meste bibelskulane. Det har med Ordets plass i dei oppveksande generasjonane å gjera.

Johannes Kleppa