SANGMØTE I NORHEIMSUND

Onsdag 5. juni fekk me gildt besøk av  Elisabeth og Tor Andre Haddeland (og vesle Hanna på ca. 12 mnd.) til eit songmøte i Norheimsund bedehus.
Brit Gjerde Voster (tanta til Elisabeth forresten) leia møtet og kunne ønskja velkomen til ein fin flokk på ca. 30 personar. Brit kom «rett» frå skuletur til Moster, der ein feira at det er 1000 år sidan Olav den heilage (Olav Haraldsson) innførte kristenretten i landet vårt, og ho minna om kor heldige me er som har fått læra Jesus å kjenna. Ho tykte òg at Sarepta var eit fint namn på misjonen, som kjem av Sareptas krukke og at Guds nåde er som ei utømeleg kjelde.

Så song me «Du får koma til Jesus» og «Alt for Jesu fot eg legger», det er gildt å syngja til fine pianotonar ved Elisabeth! Deretter song ho sjølv gilde og åndsborne songar, bl. anna «Jesus så alltid på synderen først» og eg vil sitera siste verset som er slik:
« Engang skal gåtene finne sitt svar, hver tåre skal Gud tørke bort. Lovsang vil stige forunderlig klar, i takk for det Jesus har gjort. Jeg ser Ham, ser Guds lam, jeg er i Sion og elsket av Ham. Fullkomment er det Han har gjort».
Ein flott tekst av Jorunn Dubland Tendeland og så fint framført av Elisabeth.
Ho vitna òg ut frå bl. anna Kol. 2, 13-14 om skuldbrevet mot oss som er stroke ut.


Både Elisabeth og Tor Andre syng og spelar, og Tor Andre song og spela gitar til «Da Jesus hang på korset, da tenkte han på meg» ved Leif Solheim.  Elisabeth akkompagnerte og song på koret, og det var fint å lytta til.

Tor Andre hadde så andakt, og Gud hadde nok leia det slik at han hadde fått noko av den same bodskapen som Elisabeth vitna om. Han minna oss først om Ef. 2, 1-5 og Jesus som har gjort oss levande på tross av at me var døde i vår synd og våre overtredelser. Og så bl. anna frå Kol. 2, 13-14 om at me er gjort levande i Kristus som tilgav oss alle vår brot og strauk ut skuldbrevet.
Korleis går det til at eit menneske blir frelst, spurte Tor Andre. Så illustrerte han det med ein liten gut som ein gong svarte slik: «Jesus kryp inn i øyra, og så ned i hjarta». Ja, dette kan me lesa om i Rom. 10, 17: «Så kjem altså trua av forkynninga som ein høyrer, og forkynninga som ein høyrer, kjem ved Kristi ord».
Men det er ikkje alltid så lett å tru, og trur eg rett og nok – kjem eg til Jesus på rett måte, spør Tor Andre vidare. Ja, eg kan tvila, og eg vender ofte blikket inn i meg sjølv, og leita etter trua i meg sjølv. Men leit ikkje etter trua hjå deg sjølv, opna Bibelen din og les om Jesus! Då vert blikket retta bort frå ein sjølv, og over på Jesus. Han refererte så til Øyvind Andersen som har sagt det slik om trua: «Den som ikkje får det til å tru, men likevel – og nettopp derfor må klynge seg fast til Jesus – han trur»!
Det er så sant, trua er ein person – Jesus Kristus!

Etter talen sang me enno nokre fellessongar, og Elisabeth song «Kom og sjå den tomme grava….Ja, Jesus sigra over døden, syndegifta vår Han drakk».

Me er svært takksame for besøk frå denne unge familien, det er så flott når unge menneske vil reisa rundt med bodskapen om Jesus Frelsaren.
Me vil ønskja dei Guds signing over tenesta – og velkomen tilbake!

Referent: Eivind Straumstein