Kristenretten og Landslova

Sidan Kristenretten vart vedteken på Moster i 1024 har vi i nesten 1000 år hatt ei kristen lovgjeving her i landet. Formelt vart dette gjort slutt på for få år sidan då paragraf to i Grunnlova vart endra, men reelt skjedde endringa på 1970-talet då vi fekk abortlova og det vart forsterka ved den kjønnslikegyldige ekteskapslova og andre lover seinare. Den kristne basisen for norsk lovgjeving det den gav av innhald i lovene, har vore til stor velsigning for land og folk. Under siste verdskrigen var det dessutan svært viktig i kampen mot nazismen.

Kristenretten som vi fekk i 1024 var ikkje ei ordinær lovgjeving. Det var mest ei ordning av kyrkja og prestane si teneste, og noko som gjekk på klart etiske spørsmål som ekteskapet og vern om livet, inkludert barnet. Kristenretten vart innarbeid i dei ulike landskapslovene, altså lover for ulike del er av landet, slik at desse fekk eit kristent preg.

Det vart gjort ein god del lovarbeid i åra framover, men først i 1274 fekk vi ein grundig gjennomarbeid lov for heile landet og som omfatta alle område som ei lov naturleg skulle omfatta. Det var eit svært godt lovarbeid, og vert rekna som noko av det aller fremste i heile Europa på den tida, og ho stod ved lag i over 450 år, til vi fekk Kongelova på 1680-talet som var ei slags grunnlov, til vi fekk vår eiga grunnlov i 1814. Alle desse tre lovene var kristent baserte.

Vi har no kome i den situasjonen at den historisk kristne basisen for lovene og for landet, vert underkjent, fornekta, sett bort frå eller omtolka. Den positive effekten kristen tru, tenkning og etikk har hatt å seia for folket og utviklinga i landet, vert systematisk sett bort frå eller endatil motsagt. Det er faktisk ei viktig oppgåve å løfta fram kristendommens positive betydning for landet vårt, og for all europeisk kultur.

Landslova eller «Magnus lagabøtes landslov» har kome ut i ei ny utgåve, og det er uhyre interessant og lærerikt å lesa denne lov. Det gjev mykje stoff til ettertanke. I ein introduksjon til lova, vert det nesten komisk tydeleg at den kristne tenkinga i lova må undergravast. Det vert talt om «det humanistiske preget» Landslova har. Det er ei totalt ahistorisk utsegn. Humanismen vart først på 1800-talet det vi kan kalla eit livsyn eller ei filosofisk tenking, med nokre få røter attende til overgangen mellom 1300- og 1400-talet, altså minst 100 år etter Landslova var laga. Denne lova kan med det absolutt ikkje ha eit «humanistiske preg», derimot har lova eit utvetydig og udiskutabelt «kristent preg». Det siste vert altså omdefinert til humanistisk, og med det passar det inn i vår sekulære tid og sekulære lovetenking.

Heilt frå starten av lova og omtalen av lovarbeidet gjer kong Magnus det kristne preget klart. Han startar med at han sender «Guds og sin hilsen til alle Guds og sine venner i Gulating lovområde». Han opplyser at den først delen av lovboka er «Kristendomsbolken, for at folk skal forstå at den kristne tro er grunnvoll og opphav til alle gode ting». Det som måtte vera godt i lova, takkar han Jesus Kristus for – «måtte hans navn være velsignet til evig tid. Amen.» Han bed om Jesu Kristi «fred og velsigning» over lagtinget som skal vedta lova.

Kristendomsbolken, som altså skal danna grunnlaget for resten av lova, byrjar slik: «Det er opphevet til lovene våre, gulatingsmennenes lover, som er opphavet til alle gode ting, at vi skal ha og holde den kristne tro. Vi skal tro på Gud fader, den allmektige skaper av himmelen og jorden». Og så fylgjer eit langt avsnitt som refererer og utdjupar dei tre trusartiklane, og det vert forklart kva som er biskopen (kyrkja) og kongen (samfunnet) si oppgåve.

Noko av det mest tankevekkande er innleiinga til «Landevernsbolken», som altså er lovgjeving for landets forsvar eller det militære: «Opphavet til Landevernsbolken er Jesus Kristus den korsfestede, Guds og jomfru Marias sønn, kongenes konge, som all makt og styre kommer fra, at han måtte være vårt vern og hele Norges folks vokter til evig tid. I Jesu Kristi navn skal vår lovlige Norges konge bestemme påbud og forbud og leidangsferdene våre. Kongen skal styre etter lov og ikke etter ulov, Gud til ære, seg selv til nytte og oss til behov.» Denne tenkinga finn vi attklang av i fleire av nasjonalsongane, men ikkje dagens politisk korrekte tenking.

Som Landslova byrjar med bønn om Guds velsigning og leiing, avsluttar ho med bønn om «velsignelse og omsorg fra Faderen, Sønnen og Den hellige ånd», og til sist «Amen»!

Ved kristendommen og den kristne lovgjeving fekk Noreg del i den europeiske kulturen, og det var til stor velsigning. Dette er altså midt i den perioden som ofte vert kalla «den mørke middelalderen». Det er nok på mange måtar mørkare no enn det var då, trass i at vi meiner oss svært opplyste.

Johannes Kleppa