Barlinda på Varaldsøy

Ho rager høgt Barlinda på Varaldsøy. 12 meter er mykje for ei barlind. Over 5 meter i diameter gjer ho til den største barlinda i heile Nord-Europa. Det er Varaldsøy sin største turistattraksjon. Ingen veit kor gammal ho er. Men ei barlind kan bli veldig gammal. Det finnest barlinder som er 2000 år gamle. Her i bygda trur dei treet er så gammalt. Wikipedia seier rundt 1000 år. Men ingen veit sikkert.

Ho har difor opplevd mange stormar. Framleis står ho grøn og livsfrisk. Men ei stor grein er brukke, og ein bygdamann som eg snakker med seier at han ser noko brunt og sjukt i toppen. Mon det går mot slutten for barlinda på Varaldsøy?

Ho har iallefall vore vitne til at kyrkja vart bygd i 1885. I 1913 var det ei stor vekkjing over øya. Det vart trong for å samlast oftare til møte. Elisabeth Haukås starta ei innsamling. Det var dei harde 30-åra, men ho stod på sitt. Trass vanskelege tider, samla ho inn pengar til bedehus. Og i 1936 stod det ferdig, nesten gjeldfritt.

Denne kvelden fekk Sarepta gjesta bedehuset. Det var første gong. Barlinda får då framleis oppleve noko nytt!

Det er ikkje ofte møte her i bygda. Men det er nokre få sjeler som samlast, og som bed om vekkjing.

Etter møtet kjem eg i prat med nokon som driv bygdahuset. Det ligg rett ved sida av bedehuset. «Eg har vore på møte på bedehuset», seier eg. «Nei, det var ikkje mykje folk, men de er velkomne». Nei, dei hadde ikkje mykje tru på at bedehuset ville bestå så mykje lenger. Det ville nok døy ut med dei gamle som gjekk der nå, seier dei. Det er nok for oss å halde bygdehuset. Det minkar på folket i bygda.

Barlinda har klart å fornya livet i 1000 år. Mon bedehuset vil klare det dei neste 10 åra? Då må flokken stellast. Utan forkynnarar som kjem, vil det heilt sikkert døy ut.

Foto: Ole Andreas Meling