Aktiv gjest på Centro Sarepta

Det hender at gjester på Centro Sarepta ønskjer å hjelpa til med diverse arbeid, og det er fint. Det er ein som er litt spesiell slik sett, og det er 85-årige Lars Nordanger frå Nordhordland. I år reiste han ned og heimatt saman med underteikna og var på senteret i tre veker. Lars er på ein positiv måte ein original. Han har mykje praktisk erfaring og kunnskap. Dessutan har han mange gode historier og gode kommentarar. Han er med det eit muntrasjonsråd for alle på senteret. Han deler også åndeleg erfaring og innsikt

Før vi reiste, gjorde han klart at han måtte få noko gjera, og det fekk han. «Regelen» er slik at fram til lunsj er det undervisning, så det skjer ikkje praktisk arbeid før etter lunsj, og heller ikkje kvar dag. Det må jo vera både turar og avslapping.

Lars har vore fleire gonger på Centro Sarepta – eller Sareptas krukke, som han seier, og delteke med forskjellige oppgåver som arbeid i hagen, ordning av plen, oppretting av portsøyle, muring og maling. I år var det trefelling og kløyving til vinterved, diverse rydding og kosting, maling på gjerdet rundt bassenget og bygging av trapp. I ein anna artikkel er det opplysning om og biletet av trappa, men det var Lars som var hovudarkitekten for korleis trappa skulle byggjast, sjølv om eg insisterte på at det var eg som bestemte!

Neste gong han kjem, vil han at vi skal felle nokre store tre som bør ned!

Som ein ser av biletet, er vedkløyving eit greit arbeid for 85-åringen, sjølv om han har ei skulder som ikkje er heilt som ho skulle ha vore!  Biletet er forresten teke før frukost! Johannes Kleppa