Israel under press og jødehatet veks 

Israel og jødefolket vert behandla annleis enn alle andre land og folk, og det på negativ måte. Vi kan tala om doble standardar på fleire området. Dette er så massivt frå media, politisk hald, kultureliten og fleire andre samanhengar at vi lett vert fanga inn av det. Vi treng motgift og vi må vera vakne. 

Jødehatet og israelkritikken går som hand i hanske. Det er umogleg å skilja folket og landet når det gjeld jødane og Israel. Slik har det vore frå starten av Israels historie. Folket høyrde landet til med kongedøme og gudsdyrking, med Jerusalem og templet, med offertenesta og presteskapet – og aller mest: frelseslovnadene og Messias. Det er av denne grunn jødehatet har oppstått, og det er av denne grunn israelkritikken vert så voldsom. Også i dag heng folket og landet saman ved at Israel er jødefolket sin tilfluktstad og nasjonalheim

Jødehatet har ikkje eit rasjonelt opphav. Det er demonisk. Då djevelen ikkje makta å ta livet av Messias i det han vart fødd, retta han hatet sitt mot jødefolket, som bar Messias fram, og dernest mot kyrkja, som trur på Messias (Op 12). Den uproporsjonale israelkritikken stå i det same perspektivet. Kan djevelen ikkje få ramma jødefolket direkte, slik han gjorde under Holocaust, angrip han landet Israel, den jødiske nasjonalheimen. Det landet der jødefolket skulle kunna leva trygt, må gjerast så utrygt som råd er.

Det er ein dobbelt standart på alle nivå når det gjeld Israel og det som elles skjer rundt om i verda. Israel har måtta forsvara seg på alle kantar og baugar sidan staten vart oppretta i 1948. Det gjeld både i forhold til land i regionen og ulike terrorgrupper. Hovudkritikken går likevel alltid på Israel sitt forsvar for landet, fridomen og tryggleiken, og ikkje på dei angripande partane. Det har vore overtydeleg etter Hamas sitt bestialske angrep 7. oktober.

Det er sterkt politisk press mot landet, med Noreg i spissen i den vestlege verda. Utanriksministeren har vorte reine opprørsgeneralen mot Israel, og plasserer Noreg i eit forhold til Israel som undergrev den positive funksjonen vi kunne ha i Midtausten. Politikarane hengjer seg i stor grad på, med nokre nyanseringar. Om regjeringa og utanriksministeren skulle engasjert på same måte, med same engasjement og med same språkbruk i andre konfliktar rundt om i verda, skulle dei fått det travelt. Det gjer dei altså ikkje, og avslører med det ein dobbelt standard.

Delar av næringslivet, kulturlivet og utdanningssektoren innfører ulike typar boikott mot Israel, og mot einskildpersonar som har Israel som bustadland. Dei legg då til grunn ei etisk tenking som dei ikkje gjer gjeldande overfor andre land på same måten. Det florerer av land med undertrykking og brot på menneskerettane, ikkje minst muslimske land, men der er det ingen boikott. Det er den doble standarden som gjer seg gjeldande også her.

I det siste har særleg studentar engasjert seg mot Israel, spesielt i USA. Dei viser ikkje same engasjementet mot Israel sine naboland og andre udemokratiske og undertrykkande regime. Dei rammar det einaste demokratiet i Midtausten. Det er uttrykk for ein voldsom dobbel standard.

Det vert ofte sagt at også Israel og den israelske styresmakta må kunne kritiserast. Det er ei så sjølvsagt sak, at det vert absurd som argument i denne samanhengen. Det manglar altså ikkje på kritikk. Problemet er at denne er av dobbel standard i høve til all anna kritikk. Dessutan er Israel eit land med ein voldsom indre diskusjon og kritikk, og det av ein karakter som er totalt fråverande i nabolanda og i andre land som får langt mildare kritikk enn Israel.

Det vert også sagt at ein må skilja mellom jødarar, som kan bu alle stader rundt om i verda, og israelarar, som bur og styrer i Israel. Også dette er ein argumentasjon som er uhaldbar, fordi israelarane i hovudsak er jødar, og det er denne folkegruppa det vert tenkt på. Jødar rundt om i verda solidariserer dessutan i stor grad med Israel, og stadig fleire flytter dit for å koma bort få jødehatet. Ein prøver seg også med å skilja mellom sionistar og jødar, men også det vert i praksis meiningslaust, fordi jødar i det store og heile er sionistar i tydinga at dei vil ha Israel som ein jødisk stat. Det gjeld i alle fall dei jødane som bur i Israel. Ein rettar knapt nok bakar for smed med denne vekslinga av ord.

Diverre er det slik at kyrkjeleiarar ofte felle inn i kritikk-koret mot Israel og det jødiske folket, særleg leiarskapet i Den norske kyrkja. Med det sviktar ein både sitt menneskelege og åndelege ansvar.

I denne situasjonen er det viktig at vi som bibelforplikta kristenfolk, med den arven vi har frå jødefolket og den forpliktinga vi har overfor dette folket, held oss oppdaterte og står opp for Israel og jødane. Vi må ikkje falla for det demoniske aspektet som ligg i den doble standarden overfor jødane og Israel.

Johannes Kleppa