Har MF teologiske grenser?

Det er mange spørsmål i teologien vi kan vera usamde om utan at det går ut over einskapen. Det er også spørsmål vi kan vera usamde om utan at vi definerer det som frelsesspørsmål, men som er så viktige at det har ført til ulike kyrkjesamfunn. Vi skal vera varsame med å gjera spørsmål viktigare enn dei faktisk er, samstundes skal vi vera minst like varsame med å ikkje ta fundamentale lærespørsmål på fullt alvor. Det siste er ei stor utfordring i vår åndssituasjon.

Eit av kardinalspørsmåla i kristen tru gjeld Jesu død, altså han forsoningsverk og frelsesverk. Det dreier seg om kjernen i kristentrua, fordi det gjeld frelsa og det evige livet. Det har vore delvis ulike oppfatningar av kva Jesu død inneber, og med det kva som ligg i soning og forsoning. Noko av dette har vore av utfyllande karakter, medan anna har vore av motstridande karakter eller har verka undergravande på Jesu forsoningsverk. Det vanlege har like fullt vore at ein har rekna det som skjedd på krossen som avgjerande for kristentrua og frelsa.

Eg har for litt sidan skrive to artiklar om Jesu død og forsoningsverk. Ut frå synspunkt som har vore hevde om krossen, Jesu død og forsoninga, synest eg det er underleg at ikkje fleire har engasjert seg i dette – sjølv om nokre har gjort det. Eg tek det difor opp enda ein gong, særleg med tanke på MF vitenskaplige høyskole (MF) sin posisjon i spørsmålet. Sidan rundt 1970 og fram til no har det vore nokså omfattande teologiske endringar ved MF av liberalteologisk karakter. Det har gjort at mange av oss ikkje har teologisk tillit til MF som lærestad, sjølv om det har vore og er einskildpersonar vi kan lesa med utbytte.

Det skjedde ei dramatisk endring ved MF då professor Jan Olav Henriksen endra standpunkt i homofilispørsmålet. Styret gjorde ein freistnad på hindra at dette skulle gripa rundt seg, men det rann ut i sanden. No har det kome synspunkt frå MF-hald av enda meir fundamental og omfattande karakter, utan at det synest få nokon som helst konsekvens. Det reiser spørsmålet om MF no har vorte totalt utan teologiske grenser, altså om ein no kan læra kva som helst i den teologiske vitskapen sitt namn?

Professor i systematisk teologi ved MF, Asle Eikrem, har fleire gonger hevda synspunkt som har stått i strid med Bibelens lære om Jesu død, soning og forsoning. Det har ikkje rokka ved hans posisjon på MF. I Luthersk Kirketidende (LK nr 3/24), som er sjølve «prestebladet», fremjar Eikrem sitt syn på ein eklatant og provoserande måte, men på leiarplass i bladet vert det inkludert på ein positiv måte. Det er difor grunn til også å spørja om kva LK står for i dette spørsmålet.

MF-professoren sin artikkel ber den programmatiske tittelen: «Frelse på tross av korset. Utkast til en ny forståelse av påskens budskap.» Det er altså ikkje noko mindre enn «en ny forståelse av påskens budskap» det dreier seg om, ikkje å trenga djupare inn i påskemysteriet eller å få fram breidda i påskehendinga. Professoren har altså kyrkjehistoriske intensjonar og ambisjonar som overgår både kyrkjefedrene frå oldkyrkja og reformatorane med Martin Luther i spissen. Det seier noko om professorens teologiske grunnhaldning og vilje til teologisk endring. Rett nok kjem han ikkje til å få kyrkjehistorisk gjennomslag for si nye forståinga av påskebodskapen, til det er Bibelens openberringskarakter for sterk.

Den nye forståinga av påskebodskapen har som kjerne at frelsa – om det i det heile er noko frelse i Kristus – «åpenbares denne til tross for korset, ikke på grunn av det» (Eikrem si utheving). MF-professoren meiner «det ville vært bedre om Jesus aldri ble korsfestet». Eikrem kjem altså ikkje berre med ei nyansering eller utviding i tolkinga, men om ein fundamentalt ny teologi. Ein ny teologi om Jesu død på krossen er uttrykk for ei total endring av kva kristendom er. Det er å forlata den openberringa Skrifta gjev av kva kristen tru er, til fordel for ei subjektiv synsing av kva kristen tru burde vera.

Ved at professor Asle Eikrem i realiteten forkynner ein ny religion med MF som base, må MF ved rektor klargjera kor læreinstitusjonen står i forhold til det deira professor hevdar. Rektor ved MF må avklara om det i det heile finst teologiske grenser ved MF, og kor desse i så fall går. Er det slik at den teologiske basisen i Bibelen som openberring, no i praksis er erstatta av ein rein religionsvitskapleg basis, slik at den læremessige forpliktinga er forleten til fordel for postmoderne subjektivisme?

Er det slik ved MF at den akademiske fridomen i forskinga er einerådande, slik at institusjonsfridomen og MFs teologiske basis er oppheva, slik at lærestaden er utan teologiske grenser? Dersom ein stipendiat ved MF gjennom si forskning skulle koma til at Jesus ikkje er sann Gud, kan han då verta professor – som han kan verta det ved å nekta Jesu soningsverk på krossen? Og i ytterste konsekvens: Om ein MF-professor gjennom si fri akademiske forskning skulle koma til at gudsbilete i islam er det rette, kan han då halda fram som teologiske professor ved MF?

Eg bed rektor ved MF svara på desse spørsmåla i Dagen, med vekt på det prinsipielle.

Johannes Kleppa