Hans Nielsen Hauge og Langfredag

29. mars 2024 er to-hundreårsdagen for Hans Nielsen Hauges død. Det er nesten for godt til å vera sant at denne dagen fell på Langfredag. Det er nesten som vi kan tenkja at dette ikkje er tilfeldig, men

gudvilja. Det gjev grunn til ekstra ettertanke når det gjeld Hauge og hans verksemd, og når det gjeld Langfredag og konsekvensane av denne dagen.

Hauge vart ikkje meir enn 53 år gamal, og han fekk ei etter måten kort virketid. Etter opplevinga ute på åkeren hadde han åtte svært aktive år, og det er desse åra som er hovudperioden i hans liv og teneste. Han var då rundt 30 år. Etter det sat han meir og mindre ti år i fengsel, og det var svært avgrensa kva han då fekk gjort. Etter det hadde han ti år på garden sin, stort sett i ro og med dårleg helse, men der mange oppsøkte han og fekk rettleiing i ulike spørsmål. At ein mann med så kort arbeidstid skulle få så stor innverknad i landet vårt at han kan kallast Noregs viktigaste mann i nyare tid, er ufatteleg. Det er som eit mysterium, som mang har forsøkt å forklara.

Om Hauge si virketid var kort, var ho svært allsidig. Det er skrive tusenvis av sider om Hauge som person, hans arbeid og hans innverknad i samfunnet. Det vert garantert skrive mykje meir, og det vil vera ulike oppfatningar om kva som var hans viktigaste gjerning og kva som gjorde at han fekk den innverknaden han fekk. Sett frå ulike innfallsvinklar kan mykje vera rett, trass i at det kan sprika. Det er også lett å finna veike punkt hjå Hauge, særleg når det gjeld teologien og forkynninga. Til meir underleg er det at han fekk den posisjonen og innverknaden han faktisk fekk. Vi bør ikkje setja oss på ein høg pidestall med eit kritisk blikk på Hauge, men heller henta inspirasjon og lærdom frå han.

Underteikna er overtydd om at det var Hauges haldning til og forplikting på Guds ord som gjorde han til den mannen han vart. Det var ei samvitsovertyding og ei samvitsbindig til Ordet og forkynninga som var drivkrafta og rettesnora i alt han tok seg føre. Han gjorde det han meinte var rett etter Guds ord. Det var det djupaste i kallet hans. Kallet og arbeidet var styrt av Guds ord både i det samfunnsmessige og i det spesifikt kristne. Dette er svært tydeleg når vi les det han skreiv. Det paradoksale er at i det han skriv, er det meir forplikting på Guds ord enn frigjerande forkynning av evangeliet. I alt ligg det like fullt ein grunntone av Jesu soningsverk og Guds nåde, og i den åndssituasjonen som då var, måtte dette ha nådd gjennom.

Det er ingen tvil om at Langfredag var grunnlaget og orienteringspunktet for alt Hauge føretok seg og for forkynninga hans, sjølv om det ikkje alltid kjem eksplisitt til uttrykk. Det var Langfredagens bodskap om soning og forsoning Hauge bygde livet og tenesta på. Det var dette som måtte ut i folket til frelse og nytt liv, og som med det sette folk fri til eit byggjande liv i kyrkje og samfunn.

Midt i alt som vert skrive om Hans Nielsen Hauge og dei store og gode konsekvensane av livet og tenesta hans, må vi altså hugsa utgangspunktet – Langfredag. Vil vi gjennom våre liv og vårt misjonsarbeid oppnå noko av verdi for tida og æva, må vi ha det same utgangspunktet, orienteringspunktet og forpliktingspunktet. Det er Jesu Kristi kross som er historia og æva sitt sentrum og bærepunkt.

Det er å gjera Hauge og hans arbeid ei bjørneteneste om vi vektlegg alt han gjorde på ein slik måte at Ordet og Langfredag ikkje er det bærande og styrande. Vi gjer også oss sjølve ei bjørneteneste om ikkje Langfredag med sitt soningsverk er kjernen i liv og teneste.

Johannes Kleppa