Rett forkynning av Jesu liding og død

Vi er på veg inn i den tida på året då det skal forkynnast mykje om Jesu liding og død, og om hans oppstode. Dette er påskehelga sitt sentrum og sin bodskap. Då er det avgjerande viktig at det vert forkynt rett, slik at det er evangeliet som lyder og ikkje berre mennesketankar.

Martin Luther understreka at det er to ting vi må lytta etter for å høyra om det er evangeliet som faktisk vert forkynt, og dette gjeld i særleg grad i møte med påskebodskapen. Det ein er at Jesu liding og død var for oss, altså i vår stad. Det andre er kostnaden for Jesus, altså Jesu straffelidinga under Guds dom og vreide for vår synd.

Opp gjennom kyrkjehistoria har det vore ulik tilrettlegging av Jesu forsoningsverk. Delvis har ein lagt vekt på ulike sider ved det som skjedde på krossen, og delvis har ein lært ulik.  Nyansar og ulik vektlegging kan vera greit, slik at ein får med seg breidda eller totaliteten i det som skjedde på krossen. Det er likevel nokre moment som må vera med for at det skal vera bibelsk rett og vera eit sant evangelium. Det gjeld særleg det som Luther kalte kostnaden, og som vi gjerne samanfattar i ordet straffeliding.

Også i dag står det strid på dette punktet, eller at ein meir eller mindre umedvite tonar det ned og legg hovudvekta andre stader. Det er i dagens situasjon særleg to moment som er viktige å få fram. Det eine er at i Jesu liding er Faderen inkludert, og det andre er at Jesus verkeleg lei straff for synda.

Nokre gonger er vi så einsidig opptekne med Jesu liding, altså Sonen si liding, og at denne lidinga var fordi Gud hadde lagt våre synder på Jesus og straffa denne der, at det kan opplevast som at Faderen stod utafor lidinga og berre påførte Jesus denne. Det er rett at Jesu lei på denne måten, men det er feil at Faderen var utafor lidinga. Faderen og Sonen er eitt i guddom og gjerning. Sjølv om det er tre personar i det eine guddomsvesenet, er personane ikkje skilde frå kvarandre. Det den eine personen gjer, gjer den treeinige Gud.  Dette er ei hovudsak ved Gud som treeinig. Det er eit mysterium for oss korleis dette kan skje, men vi må halda fast på paradokset – også det paradokset at Faderen legg synda på Sonen og straffar henne der, samstundes om Faderen har del i straffeldinga.

Paulus seier at «det var Gud som i Kristus forlikte verda med seg sjølv» (2 Kor 5,19), og til dei eldste i Efesus seier apostelen at Gud vann seg kyrkjelyden sin «ved sitt eige blod» (Apg 20,28). Vi har dessutan ei sterk skildring av Faderens offersmerte i forteljinga om Abraham og Isak (1 Mos 22). Det vert heilt feil når det vert framstilt som at Faderen nærast driv med barneplaging, for ikkje å seia barneoffer, når Jesus vert ofra. Gud var med inn i offeret, og det var dessutan ei frivillig handling frå Jesu side. Det var kjærleiken som styrte det heile.

Det andre er altså at Jesu liding var reell, og det var straff for den synda som kom inn på jorda ved syndefallet. Som døden var straff for synda, var døden straffa i Jesu soning på krossen. Denne straff og død kom til uttrykk i det ytterste og absolutt ved Jesu rop på krossen: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg.» Då var Sonen reelt forlaten av Faderen, og var inne i den døden som er å vera skild frå Gud, den ultimate straffa for synd. Korleis Faderen samstundes kunne vera med i denne straffedøden, er for oss eit mysterium og eit paradoks. Det må vi ikkje ta bort ved logikk og rasjonalisering, for då tek vi bort kjernen i evangeliet.

Ein av dei aller sterkaste bibeltekstane om straff og liding, er songen om Herrens tenar, Messias, i Jes 53. Det var denne teksten den egyptiske hoffmannen las, og som Filip utla for han. Det seiest med reine ord at «ut frå denne skriftstaden forkynte han evangeliet om Jesus for han», slik at hoffmannen kom til tru og vart døypt (Apg 8, 35). Det er eit godt førebilete for oss, og særleg for alle påskepredikantar.

Johannes Kleppa