Det store og det vesle perspektivet

Vi kan sjå livet frå ulike sider og i ulike perspektiv. Det kan gje tankar og ettertankar for korleis vi tenkjer om og prioriterer i livet. Denne veka har vi på Centro Sarepta gått gjennom Forkynnaren. Det er nok ikkje den mest lesne av Bibelens bøker, og ein del har problem med å forstå innhaldet. Boka kan verka pessimistisk og dyster, og frå ei side sett er ho det, men då med sikte på å få det rette perspektivet på livet.

Boka talar mykje om det som hender «under sola», og med det tenkjest det på livet her og no, og der ein ser livet ut frå jorda og mennesket, ikkje ut frå himmelen og Gud. Det kan vi omtala som det vesle perspektivet, og her er mennesket bunde til dei livslovene som råder ut frå skapinga og syndefallet. Gud har lagt sine lover ned i skaparverket slik at alt er lovmessig. Det heile går som i ein rundgang, der det er ei tid for det eine og ei tid for det andre. Det gjer livet på jorda både bunde og mogleg. Folk kan få ei relativ meining ut frå det materielle, sin visdom og sitt arbeid, men det når ikkje opp over sola og inn i det evige og himmelske.

Om ein går djupare inn i det vesle perspektivet, vert alt meiningslaust og vonlaus. Forkynnaren brukar uttrykk som fåfengt og tomt og jag etter vind, for å få dette fram. Det rekk ikkje ut over det jordiske og materielle. Det svarar ikkje til dei store spørsmåla om kor vi kjem frå, kvifor vi er her på jorda og kva vi går til ved døden.

Det store spørsmålet er kva som skjer ved døden, og kva som hjelper oss i møte med døden. Rikdom hjelper oss ikkje. Som vi kom nakne inn i verda, går vi nakne ut av verda. Her er vi alle like. Kunnskap og visdom hjelper heller ikkje i møte med døden. Den vise døyr som dåren døyr. Når Forkynnaren ser på livet og døden i dette perspektivet, får han avsmak på livet, og finn at det er best å vera ufødd. Han seier faktisk at vi i møte med døden er som dyr. Vi døyr som dei og kan ikkje hjelpa oss sjølve i døden.

Opp mot dette kan vi setja det store perspektivet. Då ser vi mennesket og livet i lys av Gud og trua. Det gjev meining og von. Ved at vi er skapte i Guds bilete er æva lagt ned i hjarto våre. Vi er skapte til samfunn med Gud, men syndefallet sette oss ut av det forholdet. Gud må få tala sitt ord inn i livet og hjarta, slik at vi ved det set vår von og vår tillit til Gud i age for han. Når vi les Forkynnaren i lys av Det nye testamentet og Jesu frelsesverk, ser vi evangeliets veg ut av den fortvilinga Forkynnaren gjev uttrykk for. Det er noko over sola. Det er ein himmel og ein Gud, det er ei frelse og eit evig liv.

Eg har tenkt ein del på om Forkynnaren kan vera ei bok som vi kan bruka til å nå dagens naturalistiske og materialistiske folk. Eg trur det kan vera ei bok inn i dagens darwinistiske generasjon. Denne boka har ein bodskap som seier at livet kan ha ei relativ meining ut frå mat og drikk, liv og arbeid, og slik opplever nok folk flest det. Med ein viss ettertanke vil nok mange synast at det er i tynnaste laget med tanke på livets meining og mål. Det må vera noko meir. Nokre vert så fortvilte over eit liv utan meining i eit større perspektiv, at det endar med depresjon og til tider med sjølvmord.

Forkynnaren skildrar livet under sola, og sjølv om Gud held dette opp og gjev det ei viss meining, viser Forkynnaren tydeleg at det sett i eit større perspektiv er meiningslaust og alt berre dreier seg om materielle verdiar og menneskeleg visdom. Han løfter blikket mot Gud og det å ottast og elske Gud. Det gjev perspektiv, meining og von. Når vi så dreg lina fram til NT og vår tid, ser vi at vi finn dette i Guds Son, han som steig frå himmelen og ned på jorda til vår frelse. Vi finn det i den openberringa Gud har gjev oss i Bibelen, og difor er det så viktig å forkynna og høyra Guds ord – og difor er det vi har Centro Sarepta.

Johannes Kleppa