Variert på Centro Sarepta

Denne veka har det vore uvanleg variert når det gjeld gjester og aktivitet på Centro Sarepta. Det har heile veka vore bra med folk. Og dei har vore her av litt ulike grunnar, men samling om Guds ord har vore det sentrale.

Det er sykkel-og fotturleir. Det er ikkje så mange på kvar av leirane, men nokre brukar mykje av dagen til sykkelturar på gode og spennande vegar. Andre går flott fjellturar.

Andre er her som «vanlege» gjester, og nokre av dei har vore i mange veker, og vil helst ikkje reisa heim! Vi har også gjester frå Danmark. Ved at vi har volontørar frå Danmark, medarbeidarar frå Sverige og ein frå Island som ofte er med på turar og bibeltimar, er det nokså nordisk.

Bibeltimane og møta går inn i opplegget for volontørar og elev, og vi har også hatt ein god del som har vore på besøk på møte og bibeltimar.

På toppen av det heile har vi hatt ei gruppe med elevar frå Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø. Dei har vore med på morgonsamlingar, fått møtt noko av det diakonale arbeidet og elles vore på mange turar. Det har vore eit mål å få læra meir spansk.

Kort og godt ei allsidig og inspirerande veke.

Johannes Kleppa