Noko av det fascinerande ved Centro Sarepta er dei mange og ulike folka ein kan møta her. Det er folk i ulik alder, med ulik bakgrunn, med ulik kristen tilknytting og aktive i ulike misjonssamanhengar. I tillegg brukar folk tida på senteret litt ulikt. Dei fleste kjem for å fylgja undervisninga og elles feriera og samla krefter.
Nokre brukar tida på heilt spesielle måtar. Ekteparet Solveig og Egil Reindal er kanskje det mest typiske døme på det siste. For fjerde året på rad er dei ved Centro Sarepta i januar-februar i fem veker, og dei har planar om å koma tilbake neste år også. Dei opplever det svært meiningsfullt å vera her, og frå senteret si side opplever ein det som svært verdfullt å ha dei her. Dei er markant bibelsk orienterte, og dei har vore med i ulike kristne samanhengar.
Egil er pensjonist, og har vore misjonær i Kamerun, prest i Den norske kyrkja og tilsett ved NLA Høgskolen – for å nemna noko. Når han er ved Centro Sarepta, hjelper han til med undervisning og på anna måte. I år har han undervist grundig i Bergpreika.
Hovudgrunnen til at dei er ved Centro Sarepta i fleire veker år etter år, er nok likevel Solveig. Ho er professor i pedagogisk filosofi ved NLA Høgskolen, og ho tek ut noko av forskingstida si her nede. Ho sit altså ved senteret og les, forskar og skriv, samt fylgjer opp andre oppgåver som ligg i stillinga. Ho legg opp dagen slik at ho arbeider frå morgonen av, og så tek ho ein god pause rundt lunsj. Då tek ho og Egil gjerne ein sykkeltur eller anna tur. Dei legg vinn på fysisk aktivitet. Etter det arbeider ho ei ny økt, og så er ho del av det sosiale og åndelege livet på kvelden. Dei ordnar delvis med mat sjølve og deltek delvis i måltidsfellesskapet med dei andre på huset.
Solveig opplever dette som ein god måte for forskingsarbeidet sitt, og for Sarepta er det godt med slike folk i miljøet. Andre har også drive studier her, men det er nok eit uoppdaga potensiale for dette!
Johannes Kleppa