Skal kristne velsigna Hamas?

Svaret på det spørsmålet er avhengig av kven Bibelen seier vi skal velsigna, og kva Bibelen seier det å velsigna er. Etter mitt teologiske skjønn er svaret på spørsmålet nei. Dei som seier vi skal gjera det, viser til at Guds ord seier vi skal velsigna dei som forbannar oss (Mat 5, 44). Til grunn for den konklusjonen trur eg det ligg ei mistyding av kva det inneber å velsigna og kven dei som forbannar oss er.

Slår vi opp i ei bibelordbok, finn vi svært mange bibelvers om å velsigna og velsigning med ulike former av orda og ulike ordsamansetjingar, men eg kan ikkje sjå at nokon av dei kan brukast til velsigning av ein terrororganisasjon eller til å velsigna syndige forhold. Eg trur noko av problemet ligg i at ein samanblandar det å be for nokon (forbønn) med det å velsigna nokon.

Tre av dei mest sentrale bibeltekstane om å velsigna og velsigning er 4 Mos 6, 23-27, 5 Mos 28, 1ff og Ef 1.3. Det siste er sjølve kardinalordet som viser at velsigninga er knytt til himmelen og Kristus. Velsigninga er i Kristus, og høyrer med det evangeliet til. Det som er synd, kan då ikkje velsignast. Om vi skal få del i Herrens velsigning eller ikkje, er med andre ord avhengig av om vi held oss til Gud og hans ord, eller ikkje. Det kjem svært tydeleg fram i Herrens pakt med Israel, slik vi møter denne i 5. Mos 28. Herren forplikta seg der til å oppfylla pakta. Det innebar at dersom folket heldt seg til Gud og hans ord, ville dei vera under Guds velsigning, og i motsett fall under Guds forbanning. Det var dette som førte Israel i eksilet i Babylon. Velsigning og forbanning er dei åndelege motpolane.

Det bibelavsnittet som kanskje lærer oss aller tydelegast kva velsigning er, til forskjell frå bønn, er den aronittiske velsigninga (4 Mos 6, 23-27). Her lærer Gud sin tenar kva han skal seia når han velsignar Israels-borna, og så føyer han til: «Slik skal de leggja namnet mitt på Israels-borna, så vil eg velsigna dei.» I den bibelomsetjinga eg her referer, stå det «leggja namnet mitt» på, i andre står det «lysa namnet mitt over» og Kjell Arild Pollestad omset i si tekstnære omsetjing med «sette mitt navn på». Det er altså ikkje ei bønn, men noko ein gjer med dei ein velsignar. Tilsvarande er det med den apostoliske velsigninga (2 Kor 13,13).

Då eg gjekk på Bibelskulen i Bergen (no Bildøy), hadde vi dr. teol., sokneprest Bernhard Eide i preikelære, og eg hugsar han understreka svært sterkt at velsigning «lyser» vi, vi bed henne ikkje. Det er med andre ord ei forkynning. Den som tek imot i tru det som vert lyst eller forkynt – lagt eller sett på ein, eig som sitt det som ligg i velsigninga. Det er det berre personar som kan gjera, ikkje organisasjonar eller andre upersonlege storleikar.

I Bergpreika les vi svært sterke ord om korleis vi skal ha kjærleik til nesten vår. Det toppar seg i at vi skal be for fiendane våre, velsigna dei som forbannar oss, gjera vel mot dei som hatar oss og be for dei som forfylgjer oss. Ut frå kva tekstgrunnlag ein vel, har nokre omsetjingar «be» i staden for «velsigna» med tanke på dei som forbannar oss. Vi skal på ingen måte ta brodden av den radikale formaninga Jesus her gir, men vi må altså skilja mellom å be og å velsigna. Vi må også ta på alvor at det her gjeld folk, ikkje organisasjonar eller upersonlege tiltak.

Hamas er ein organisasjon som er definert ut frå sin ideologi, sine vedtekter og sine handlingar. Vi må altså skilja mellom folket og organisasjonen. Hamas er ein terrororganisasjon som med sitt jødehat står i forbanninga si teneste. Eg kan ikkje sjå at det er rett å leggja Guds namn på ein slik organisasjon. Organisasjonen kan ikkje motta denne i tru eller til omvendig, og då vil ei velsigning fungera som ei legitimering av det Hamas står for.

Dersom det er rett at vi skal velsigna Hamas, måtte ein kristen kunna ha stått i i Gaza 7. oktober og løfta handa og velsigna Hamas, altså lagt Guds namn på Hamas før organisasjonen gjekk til sine brutale terrorhandlingar mot det jødiske folket. Tilsvarande måtte kristne kunna stått i konsentrasjonsleirane i Nazi-Tyskland og velsigna det organisasjonsapparatet som utførte Holocaust,  og ein måtte kunna lyst velsigninga over den nazistiske hæren generelt. Det trur eg få vil meina kan vera bibelsk og etisk rett.

Det opplevest krevjande å be for Hamas-leiarane, for Putin og for andre diktatorar og tyrannar, men det skal vi gjera. Dei som løfter fram det ansvaret, fortener takk og honnør. Derimot trur eg ikkje vi skal velsigna organisasjonar og regime, i alle fall ikkje terrororganisasjonar og valdsregime. Velsigning lyser vi med tanke på at folk skal ta imot all himmelsk velsigning i Kristus.

Johannes Kleppa