Israel og folkemord

Det er ein absurd situasjon at Israel er anklaga for folkemord. Det er absurd anten ein ser praktisk eller ideologisk på det. Det er også absurd med tanke på at Israel kjempar for å overleva som land og folk. Det er altså Israel og det jødiske folket som står overfor faren for folkemord. Det er ein reell fare både når vi ser det i lys av historia og nazismen og i lys av Hamas og islamismen.

Det er uhyggeleg og uhyre tragisk med alle liva som går tapte i Gaza. Det er Hamas sitt ansvar, sjølv om mange vert drepne ved israelske angrep, som i realiteten er sjølvforsvar og der ein prøver å skåna sivile så langt råd er. Sjølv om talet på drepne er svært høgt, utgjer det ikkje meir enn ein prosent av folket i Gaza, og slik sett er det langt frå eit folkemord. Dessutan er talet på drepne truleg for høgt, og ein god del er heilt sikkert drepne av Hamas sine rakettar og bomber. I tillegg er det slik at folket på Gaza ikkje er eit spesielt folk, men er arabarar – som finst i mange land, og som ikkje er ramma av krigen i Gaza ut over at mange støttar Hamas.

Ein stor del av dei drepne er Hamas-krigarar eller sivile som Hamas brukar som skjold eller på anna vis i krigføringa. Ein talsmann for den israelske hæren sa at dersom målet hadde vore å utslett folk og alt anna i Gaza, kunne den israelske hæren gjort det på 24 timar. Når ein ikkje har gjort det, er det fordi ein nettopp ikkje vil eit folkemord, men vil nedkjempa terrororganisasjonen Hamas.

Eit folkemord er ikkje primært definert ut frå kor mange i eit folk som vert drepne, men ved at motivasjon er å drepa, altså utrydda, folket. Eit folkemord er altså eit vilja og systematisk angrep mot eit folk der målet er å utsletta folket. Den som hevdar det med tanke på Israels krigføring, lyg eller vil ikkje sjå korleis Israel fører krigen slik at sivile drapstal skal vera minimale, og for å oppnå dette utset dei sine eigne soldatar for ekstra fare. Anklagen om folkemord er i sin grunn antisemittisk. Eit av hovudelementa i jødehatet, er at jøden drep. Anten folk er klar over det eller ikkje, går ein antisemittismens ærend med anklaga om folkemord.

Norsk-israelske og israel-arabiske Daniel Aweida, som er pinsevenn og bur i Vennesla, vart nett intervju av Dagen etter å ha gjort krigsteneste for Israel i Gaza. Skildringa hans av krigføringa er opplysande og tankevekkande. Soldatane hadde ordre om berre å skyta på folk i uniform eller med gevær. Laget hans skulle innta ein bygning som var ein merkelege kombinasjonen av skule og fengsel. Der oppheld Hamas-krigarar seg saman med 2-300 hundre sivile, som skulle ha vore evakuerte. Ein israelsk skarpskyttar såg gjennom vindauga ein i uniform, og skaut denne, og dei såg han fall. Då kom ein annan i uniform og sette tre barn i vindauga som levande skjold. Desse er då i realiteten barnesoldatar, men dei israelsk soldatane kan ikkje skyta på dei.

Dette er eit døme på at Hamas ikkje berre brukar sivile som skjold ved at dei gøymer seg blant slike, men at sivile aktiv vert sette mellom Hamas-krigarar og israelske soldatar – og at det endatil gjeld små barn. I tillegg er det slik at mange barn i tenåra også vert brukte som aktive krigarar. Det er med andre ord ei flytande grense mellom krigarar og sivile. Når ein oppgir eit tal på drepne, får vi lett inntrykk av at det er uskuldige sivile, men ein stor del av dei er Hamas-krigarar i uniform og mange som på anna vis er aktivt deltakande i krigen.

Det er altså av mange grunnar absurd å anklaga Israel for folkemord. Det er også absurd at politikarar, mediafolk, helsearbeidarar, kulturpersonlegdomar og andre ikkje ser eller tek på alvor at Hamas er ute etter folkemord og etnisk reinsing. Hamas har som mål å rydda Israel eller det dei kallar Palestina, for jødar – og då skal det heller ikkje vera plass for dei nokon annan stad. Det er eit paradoks at norske styresmakter ikkje vil ha noko med IS å gjera, men at dei kan ha med Hamas å gjera. Det er sjølvsagt bra med ei fast haldning til og nedkjemping av IS, men det er uforståleg at ein ikkje har same haldninga til Hamas, som er minst like farleg som IS. Det er også paradoksalt at det er stor forståing for militære angrep mot grupper som angrip handelsskip, og særleg når de er norske skip, medan Israels forsvarskrig stadig vert kritisert. Det er sjølvsagt uakseptabelt med angrep mot fredelege skip, men det er eit miniproblem sett i lys av antisemittismen og Israels kamp for å unngå folkemord på seg sjølv.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock