Val, styresmakt og Guds ordning

Vi har nett hatt kommune- og fylkeskommuneval. I mange kommunar vart det endring av fleirtal og ordførar. Nokre parti gjekk mykje fram, andre tilsvarande tilbake og nokre stod omtrent stille. Ved alle val er det endringar, men denne gongen var nok endringane større enn normalt. Nokre gleder seg over resultatet, medan andre fortviler.

Eg skal ikkje gå inn i den politiske sida ved dette, men gje nokre refleksjonar ut frå kristen tenking. Det grunnleggjande er at styresmakta er uttrykk for Guds ordning. Korleis dette skal ordnast, dikterer ikkje Skrifta, men det er eit tydeleg prinsipp. I landet vårt har vi ordna det med parti og val til tre ulike nivå. I andre land har dei andre ordningar. Poenget er at det er ei ordna styresmakt som står til ansvar for folket, og som folket må førehalda seg til.

Når apostlane Paulus og Peter skriv om dette (Rom 13 og 1 Pet 2), skriv dei ikkje om ei «kristen» styresmakt, altså ei styresmakt som har forplikta seg på Guds ord og fremjar Gud vilje i alle saker. Dei skriv generelt om styresmakta som ordning. Den romerske styresmakta som rådde på den tida, var ei heidensk styresmakt. Denne styresmakta er inkludert i at ho «er sett der av Gud». Ho er uttrykk for Guds gode ordning, sjølv om den aktuelle styresmakta er dårleg.

Det var denne styresmakta som førde sak mot Paulus, men apostelen seier like fullt at dei kristne skulle vera lydige mot nettopp denne heidenske styresmakt. Det var berre eit unnatak for denne lydnaden, og det var om styresmakta hindre dei i å lyda Gud. Kristne skal alltid lyda Gud. Det gjer ein normalt ved lydnad mot styresmakta, men ved ulydnad om styresmakta bed oss synda.

Same kven som sit med makta rundt om i kommunane, og same kva skifte som skjedde no, skal vi tenkja at det sitjande kommunestyret og den sitjande ordføraren er sett der av Gud som Guds gode ordning for samfunnet. Det betyr ikkje at vi treng vera samde med dei som styrer i alle ting, men vi skal visa dei respekt, gje dei ære og lyda dei. På kommunalt nivå vil dette oftast vera nokså uproblematisk, fordi dei fleste spørsmåla dreier seg om praktiske saker der fornufta og pragmatismen råder.

Det kan likevel vera nokre området som går inn på tru, livssyn og ideologi. Det gjeld særleg oppsedingspørsmål, altså det som gjeld barnehagar og skular. Her har styresmakta konstant ein tendens til å gå ut over mandatet sitt ved å vilja påtvinga foreldre ei bestemt opplæring og oppseding av barna. Dette utkrystaliserer seg i spørsmålet om kristne friskular, men også i spørsmålet om kristne barnehagar. Her må kristenfolket føra ei bibelsk basert tenking og ein argumentasjon ut frå kva forplikting foreldre har kristent sett i lys av det fjerde bodet.

Guds ord har altså ei klar formaning til å vera lydige mot styresmakta, og då ikkje berre for å sleppa straff, men av omsyn til samvitet. Det har altså med gudsforholdet å gjera. Bibelen har også ei anna formaning med tanke på styresmakta, og det er at vi skal be for denne. Det same skal vi gjera for alle i høg stilling. Vi skal ikkje berre be for dei vi er samde med eller for kristne i slike posisjonar, men for alle i slik stilling. Det er altså personane i ordningane vi bed for, slik at dei kan gjera ei best mogleg gjerning for folket.

På 1970-talet hadde vi ein kristen statsminister, Lars Korvald (KrF). På eit partimøte var det ein som ville oppmuntra han, og sa at han bad for Korvald. Han takka for det, og føydde til omtrent slik: «Det må du gjera same kven som er statsminister. Det er ikkje personen eller den kristne statsministeren du skal be for, men for statsministeren.» Det er ei rett kristen haldning til bøn for styresmakta, sjølv og det kan vera krevjande og ei øving i helging!

Johannes Kleppa