Kommuneval og partival

Val er viktig. Det er i landet vårt ein borgarrett, men ikkje ei borgarplikt. Vil ein tvinga folk til å stemma, opptrer ein diktatorisk. Skal ein røysta, må ein ha eit parti som ein har tillit til og som i hovudsak svarar til det ein sjølv står for. Ein skal røysta ut frå overtyding. Av denne grunn er det viktig at dei ulike partia gjer utvetydig klart kva dei står, og det er like viktig at veljarane set seg inn i dei ulike partia sin politikk. Berre då kan ein avgje sin stemmesettel forsvarleg og med integritet.

Det er ein viss forskjell på stortingsval og kommuneval, sjølv om prinsippa er dei same. Eit stortingsval er meir orientert ut frå parti og ideologi enn kommuneval er. Her er ofte partifloraen ein annan, og denne er avhengig av aktuelle spørsmål i kommunen. Dessutan er personspørsmålet meir avgjerande ved kommune val. Det er likevel slik at ideologiske spørsmål må telja med også ved kommuneval, fordi det ofte er på kommunenivå at ideologien skal setjast ut i praksis.

Er det bestemte kristne kriterier ein må leggja til grunn ved val av parti? Både ja og nei. Svært mykje i politikken, særleg på kommuneplan, er praktisk orientert og styrt av fornufta, og når det gjeld fornuft og sunt bondevit, er dette nokså likt fordelt mellom kristne og ikkje-kristne. Det skal vera vanskeleg å finna kristne kriterier for vurdering av vegtrasear, plassering av skulebygg, utbygging av vatn og kloakk – berre for å nemna litt.

Alle politikkområde må spela med i val av parti, ikkje minst i kommuneval, men ein bør like fullt leggja hovudvekta på kor parti og einskildpersonar står i etiske spørsmål og verdispørsmål, livssyn og ideologi. Rett nok er det slik at lovgjevinga på slike område vert bestemt på statleg nivå, men haldningar og utøving kjem til uttrykk i det praktiske livet rundt om i kommunane.

Etter mitt skjønn er det eitt område som bør tilleggjast særleg vekt, og det er forståinga av staten, altså statens mandat, makt og rolle i samfunnet. Statsordning og styresmakt er gudvilja, men det betyr ikkje at styresmakta alltid opptrer etter Guds vilje. Nokre gonger går styresmakta over i det diktatorisk og tyranniske. I Bibelen er dette fleire gonger knytt til omgrepet Babylon, og då opptrer styresmakta med samvitstvang, også i trusspørsmål. Vi ser dette tydeleg i Daniels bok då Israel var i eksil i Babylon, og vi ser det enda tydelegare i Openberringsboka ved Antikrist og det antikristelege riket.

Vi skal alltid vera på vakt når staten vil opptre med ideologisk makt og tvang, og styra over folks tru og samvit. Denne typen spørsmål ser vi på fleire livsområdet, men i friskulespørsmålet utkrystalliserer det seg på ein særleg måte. Med det vert spørsmålet om kristne friskular på ein spesiell måte eit testspørsmål og ein lakmustest. Ut frå foreldreretten er det far og mor som skal bestemma kva oppseding og opplæring borna deira skal få, og dei står alltid ansvarlege for denne – same kven dei overlet borna sine til for å få opplæring og oppseding.

Dei ulike partia avslører sin ideologi ved måten dei opptrer på overfor friskulane. Det same gjer kommunestyrerepresentantane når dei skal seia si meining om friskular rundt omkring. Styresmakta har her både lovmakt og økonomimakt til disposisjon, og spørsmålet vert om dei bruka denne for eller mot kristne friskular. Det meiner eg må vera ei hovudsak i vurdering av kva parti ein vil røysta på.

Det same gjeld om parti og politikarar vil gjera det dei kan for å verna om barnet i mors liv, eller om dei prioriterer å leggja til rett for at barnet kan takast av dage. I spørsmålet om samliv og ekteskap vert spørsmålet om ein vil fremja og verna om det livslange ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann, eller om ein vil arbeida for eit mangfald av samlivs- og ekteskapsformer.

Ved val av parti og personar må ein altså leggja vekt på mange spørsmål, men det er nokre spørsmål som på eit overordena plan er avgjerande for individet, familien og samfunnet. Her det gjeld det å prioritera rett i kva som bestemmer korleis ein nyttar røystesettelen.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock