Venstresida og Israel

Det er påfallande i kor stor grad den politiske venstresida er utgangspunktet for og formar vår oppfatning av Israel og det som skjer der. Det gjeld den norske venstresida si forming av det norske folket. Den politiske høgresida er rett nok litt meir moderat enn venstresida, men politikken overfor Israel er omtrent den same kven som sit med regjeringsmakta og kven som er utanriksminister. Det er stort sett berre nyanseforskjellar mellom venstresida og høgresida, og det er det politiske venstre som set dagsordenen og legg premissane.

Det som er enda meir påfallande, og som er hovudsaka for meg her, er at det også er den politiske venstresida i Israel som legg premissane for analysar og vurderingar her i landet om Israel og situasjonen der. Dette er svært tydeleg i media, men det gjeld også i politikken – og langt på veg i kristenfolket. Det same ser ein forresten i forhold til USA og land i Mellom-Europa. Dette har vorte så sjølvsagt at folk flest har vorte «venstresidefolk» i tankegangen sin – anten ein er klar over det eller ikkje.

Det er eit faktum at det politiske venstre i Israel i stor grad har smuldra opp eller fragmentert, og partia på denne sida har tapt val etter val. Det er høgresida som har fleirtalet i folket, og som har vore valvinnaren i mange år. I Noreg synest det like fullt som at det er den israelske venstresida som er rådande og som har folket med seg. Det er statsminister Netanyahu og høgresida som er problemet og som skaper splitting, sjølv altså om fleirtalet i Israel sluttar opp om han og høgresida.

Vi har sett dette ekstra tydeleg i det siste med tanke på debatten om rettssystemet i landet. Her er det slik at rettssystemet i Israel, særleg Høgsterett sin posisjon, over tid har utvikla seg på ein måte som ville vore totalt uakseptabelt i Vesten, og særleg i Noreg. Det står om tredelinga av makt mellom parlamentet, regjeringa og domstolen. Eg skal ikkje ta stilling til alle momenta i den rettsreforma som no er på gang, men det kan ikkje vera tvil om at regjeringa ønskjer ei tydelegare tredeling meir i samsvar med slik vi i Vesten tenkjer om dette ut frå vår forståing av demokratiet. Eg viser her til israelspesialist og tidlegar sjefredaktør Odd Sverre Hove sine grundige artiklar om saka i Dagen.

Vi skulle tru at Netanyahu fekk støtte i Vesten for hovudelementa i den aktuelle reforma, sjølv om det er utforming, detaljer og moment som kan disuterast. Derimot vert han sterkt kritisert, og det har i stor grad sitt utgangspunkt i at venstresida i Israel er mot reforma og har skapt store problem i landet. Det regjeringspartia har gått til val på, fått fleirtal i folket for og så vil gjennomføra politisk, vert det opprør mot, som om det var eit lite mindretal som ville tvinga fleirtalet. Saka er at det er det politiske mindretallet som skaper opprør for å stoppa fleirtalet, og det får dei utruleg nok brei støtte for i Vesten. Venstresida og mindretalet sine demonstrasjonar og opptøyer, får store oppslag i norske medier som om det var folket i Israel, altså det store fleirtalet, si meining som her kom til uttrykk. Etter som eg har forstått, har demonstrasjonar for reforma, hatt langt større oppslutnad enn motdemonstrasjonane, men desse har gått rolegare føre seg og fått langt mindre medieoppslag.

Poenget med desse refleksjonane er ikkje primært å ta stilling til den aktuelle rettsreforma, sjølv om eg trur prinsippa i denne er av det gode. Poenget er å setja søkjelyset på kven som legg premissane for ein debatt, og kven som styrer våre oppfatningar. Generelt er avisa Dagen her til god hjelp, men i debatten om rettsreforma, synest eg avisa i for stor grad har fall inn i folden av media som tenkjer ut frå venstresida, og som med det rettar bakar for smed.

Det er ein kristen dyd å vera sakleg og vera sanninga tru i kjærleg. Det gjeld i alle livsforhold, også i politikken. Med tanke på Israels særeigne posisjon historisk, internasjonalt og bibelsk, er vi i særleg grad forplikta til å opptre slik at vi ikkje skaper negative haldningar til Israel som land og folk. Den antisemittiske historia må liggja som ei konstant påminning og korrigering for oss.

Johannes Kleppa