Samanhengande forkynning – bibelcamp og leir

Det er lite samanhengande forkynning rundt om i kristne forsamlingar no til dags. Det går helst på gudsteneste søndag, og gjerne eit og anna møte i tillegg. Nokre gonger er det bibelhelg eller bibeltimeseriar over nokre veker, men svært sjeldan møte- eller bibelveker. I tidlegare tider var det meste av forkynninga på bedehuset samanhengande forkynning over ei veke eller to.

Det er fint med regelmessig forkynning ved gudstenester, og alle bibeltimar og møte som kjem i tillegg, er bra, men det er ein veikskap at det ikkje er samanhengande bibelundervisning og forkynning. Det skjer noko med folk når ein høyrer forkynning over tid. Det kan ein gjera på bibelcampar og leirar, og gjerne på stemne.

For tida er eg på Sarepta sin bibelcamp på Holmen leirsted i Troms. Denne bibelcampen er over ti dagar med to bibeltimar og kveldsmøte kvar dag, pluss bønnemøte, sangkveld, samtalekveld, barnemøte og ungdomssamlingar. I tillegg er det eit variert aktivitetstilbod. Det er tydeleg at folk set pris på dette. Nokre av bibeltimane tek opp emne som ein sjeldan talar over, medan kveldsmøta er meir direkte forkynning til vekking og oppbygging. Folk opplever det godt og nødvendig å få sitja under samanhengande forkynning på denne måte. Her er mange barnefamiliar og på dei fleste samlingane er heile familien saman, slik at heile familien får den same forkynninga med den forminga som ligg i det.

Når det er lite samanhengande undervisning og forkynning rundt om på bedehusa, er det ekstra viktig at det vert lagt til rette for slik undervisning andre stader, og til det er leirstadene gode reiskapar. For Sarepta sin del er også opplegget på Centro Sarepta i Spania tenkt som ei hjelp i denne samanhengen. Der er det tre undervisningstimar kvar dag, slik at om ein er der ei veke, får ein femten bibeltimar. Det svarar til tre møteveker, og det er det svært få bedehus som har i løpet av eitt år.

Leir for barn og unge gjev også samanhengande bibelundervisning og forkynning. Det har betydd svært mykje for mange unge. Det er ikkje få som har kome gjennom til personleg kristentru på ein leir, og for enda fleire har leirar betydd mykje for deira kristne tru, og at dei har vorte bevarte som kristne. For nokre har det også løyst ut eit kall til misjonsteneste.

Då eg tok til som barne- og ungdomssekretær tidleg på 1970-talet i det som då var Santalmisjonen, samla vi mange til leir, særleg tenåringar. Det ser eg tilbake på med takk og glede. Før den tid samlast i enda større grad ungdom, og det var ungdomsvekkingar på leirane. Sjølv om det ikkje er like lett å samla til leir no, samlast framleis mange. Diverre les vi om mangel på leiarar.

For kort tid sidan vart ei undersøking av leirarbeidet presentert i Dagen, og denne viste at leirar framleis er svært viktig for unge si kristentru. Kombinasjonen av lagsarbeid og leirarbeid har alltid vore ein god kombinasjon. Det som regelmessig vert sådd i lagsarbeidet over tid, kan haustast ved konsentrert og samanhengande forkynning på leir. Ved at unge ved Ordet er under Andens påverknad over fleire dagar på leir, kan det skje eit skapande under i hjarta, og løysast ut ei medvita og frimodig kristen tru.

Eg skriv altså desse linene få ein leirstad som Normisjon eig. Det er ein leirstad av enkel standard, men han gjer god nytte – og han ligg fantastisk til ved sjøen. For andre typar arrangement enn bibelcamp og vanleg leir, kan det nok krevjast høgare standard enn her. Det vil altså vera bra med ulike typar leirstadar. I dei ulike organisasjonane har det vore mykje debatt om leirstadene og drifta av desse. Det kostar arbeid og pengar å ha dei, og på ein del av dei er det diverre lite aktivitet. Nokre kan det sikkert vera greit å avvikla, men i det heile må ein sjå stort på leirstadane og arbeidet der, og vera villig til å leggja ned både pengar og arbeid i dei – og ein bør satsa på leirar og bibelcampar.

Poenget er at ein då får samanhengande bibelundervisning og forkynning med alt som ligg i det. Maktar ein å løfta den sida i arbeidet i Guds rike, vil det utvilsom bera god frukt. Dei mange venskapa som skapest i slike samanhengar, er også viktige kristent sett.

Johannes Kleppa