Samvitet – kva funksjon har det?

Under bibelcampen på Holmen, har eg fått i oppdrag å ha to bibeltimar om samvitet. I samband med førebuinga til det, har eg reflektert ein del rundt det med samvitets funksjon og korleis vi tenkjer om samvitet. Det er vel heller sjeldan vi har samvitet som tema for ein tale eller ein bibeltime, men vi er innom det i forbifarten. Eg kan ikkje minnast at eg har hatt bibeltimar om samvitet før, men eg har teke det opp i etikkundervisning og annan samanheng.

Samvitet har ein større plass i Skrifta enn det vi gjerne tenkjer, og med det i kristen tru og etikk. Professor Ole Hallesby skreiv i si tid ei heil bok om samvitet, og ho er like aktuell i dag som for snart hundre år sidan. I etikkbøker er det også vanleg å ha eit kapittel om samvitet, og professor Aksel Valen-Sendstad har ei svært konstruktiv framstilling i «Innføring i kristen etikk». Det nynorske ordet «samvitet», er svært godt, fordi det greske ordet som er brukt, betyr «å vita saman med» eller «samvita». Samvitet står altså ikkje for seg sjølv, men saman med noko – med ein lovgjevar. Samvitet opptrer altså saman med ei lov som seier kva som er rett og galt.

«Det er korkje sikkert eller tilrådeleg å handla mot samvitet», sa Martin Luther, og han føydde til at samvitet hans var «fanga i Guds ord». Då kunne han ikkje tilpassa seg pavekyrkja, men måtte stå same kva det kosta.  Samvitet skal alltid respekterast, fordi det er menneskets adelsmerke og i sentrum av menneskets personlegdom. Forkynninga skal difor også rettast mot samvitet, for ved lova å binda og ved evangeliet å setja fri.

Sidan samvitet har ein så sentral plass, skal vi ikkje på lettvint måte visa til samvitet vårt for ikkje å gje oss i ei sak. Samstundes skal vi heller aldri handla mot samvitet. Nokre gonger viser folk til samvitet i mangel på argument, og så viser det seg at ein endrar meining og haldning etter kvart. Det å visa til samvitet utan at ein faktisk er bunden av det, er ei form for maktbruk. Det er nemleg ein uting å tvinga folk til å handla mot samvitet eller legg samvitspress på folk. Vi skal altså vera nøye med å «bruka» samvitet på rett vis, både av omsyn til oss sjølve og av omsyn til andre. Diverre er det slik at styresmakta til tider legg samvitspress på folk, særleg med tanke på oppseding og undervisning.

Samvitet er ein allmennmenneskeleg funksjon som stammar frå at vi er skapte i Guds bilete, og med det med ansvar overfor Gud, våre medmenneske og oss sjølve. Ved syndefallet skjedde det noko med heile mennesket, slik at vår forståing og vårt erkjenningsliv vart feilande. Det gjer at samvitet kan ta feil. Samvitet har ikkje i seg sjølv ei forståing av rett og galt som ligg der urørt frå skapinga. Samvitet er primært ein domstol, og ein domstol vurderer og dømer ut frå gjeldande lover. Sidan vår naturlege loverkjenning fekk eit banesår ved syndefallet, kan vi ikkje lita på at samvitet dømer rett. Samvitet vil alltid døma ut frå det vi reknar som gjeldande lov, kva som er rett og galt. Like fullt har vi ikkje anna å halda oss til og handla ut frå enn samvitet.

Skal samvitet døma rett, må det vera opplyst av lovopenberringa i Bibelen. Sidan denne overnaturlege openberringa er identisk med den naturleg lovopenberring, vil samvitet langt på veg døma rett også ut frå det som ligg i mennesket (Rom 2.14-16), men ikkje heilt fordi ein ikkje erkjenner denne openberringa fullt ut. Dette ser vi særleg i gudsdyrkinga. Etter sitt indre kjenner dei aller fleste menneske seg forplikta på noko guddommeleg som skal tilbedast. Det fører til avgudsdyrking, der evangeliet er ukjent, og mennesket er samvitsbunde til slik avgudsdyrking.

I vårt samfunn er tenkinga lausriva frå Gud og Guds ord, og orientert ut frå mennesket, evolusjonslæra og det naturalistiske. Då vert mennesket sitt samvit orientert ut frå det, og dømer i samsvar med det. Då kan folk visa til samvitet i sine handlingar når det gjeld samliv, kjønn, abortspørsmålet eller aktiv dødshjelp, trass i at det frontkolliderer med Guds ord. Det viser kor viktig det er at mennesket vert opplyst ved Guds ord, for at samvitet skal få den rette lova å døma etter, og med det døma rett.

Samvitet må også opplysast ved evangeliet, slik at det kan døma rett i vårt gudsforhold ut frå Jesu forsoningsverk og syndstilgjevinga, og vi kan leva eit frigjort og åndskraftig kristenliv.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock