Å investera i storfamilien

På Centro Sarepta er vi velsigna av mange og ulike gjester, og då folk i ulike livssituasjonar. Her er unge og gamle, einslege, ektepar – og storfamiliar. De fleste vedkjenner seg kristen tru, men ikkje alle. Totalt skaper dette eit variert og spennande fellesskap både menneskeleg og åndeleg.

I dag vil eg fokusera på storfamilien. Vi har fleire gonger hatt storfamiliar på besøk. Nokre har vore her for å feira åremålsdag, og andre på rein ferie. No har vi i fjorten dagar ein storfamilie på 21 medlemmer, og det utgjer alle frå besteforeldre, via barn og svigerbarn til barnebarn. Det er ein fest å ha denne familien her, som det har vore fest med tidlegare storfamiliar. Det er også ei misjonsoppgåve.

Frå Centro Sarepta si side er det viktig å gje storfamilien, som har stor variasjon i alder og interesser, eit kjekt og trygt opphald. Her spelar alt frå vertskap, badebasseng, mat, rom og reinhald ein viktig rolle. Det aller viktigast ut frå Sareptas kall og siktemål er å gje eit rett og sant møte med Guds ord og eit sunt kristent fellesskap. Det skal vera mogleg for alle å få høyra evangeliet til frelse, kristent liv og misjonsteneste. Får gjestene eit godt åndeleg opphald, vil det vera med og styrka Sarepta sitt arbeid både i Noreg og Spania.

Det er ikkje tvil om at det å investera i storfamilien er eit klokt val. Det er mangt og mykje som vil dra familiemedlemmer frå kvarandre, som skaper avstand og splitting. Det kan motverkast ved å vera saman. I ein storfamilien vil det vera ulike syn, tankar, tru og livssituasjonar, men kjærleiken kan og vil likevel binda saman, og med respekt og ei raus haldning kan ein ha det godt saman.

Dei fleste er i det daglege og gjennom året opptekne kvar med sitt, og kvardagen er ofte travel. Dessutan bur ein ofte langt frå kvarandre, slik at ein ikkje får sjå så mykje til kvarandre. Rett nok kan moderne teknologi avhjelpa noko på den geografiske avstanden, men det er ikkje noko som kan erstatta det personlege samværet. Mennesket er skapt av Gud i Guds bilete, og det betyr at vi er skapte til å leva i samfunn med Gud og med kvarande. I dette er familien, storfamilien og slekta viktig.

Ferien er ei utmerka tid til å pleia familiefellesskapet, både i kjernefamilien og i storfamilien. Det ser vi denne veka utfalda seg på Centro Sarepta på ein flott måte. Det burde fleire ta lærdom av.

Det eg så langt har skrive, gjeld for alle, anten ein er kristen eller ikkje, fordi ekteskap og familie er ei skaparordning. For den kristne familien, og ikkje minst for kristne besteforeldre og foreldre, er det også ein spesifikk kristen dimensjon i det å samla familien og storfamilien, og det å gjera det i ei kristen ramme. Ulike typar bibelcampar, familieleirar og kristne stemne har i mange år vore viktige slik sett, og er det framleis. Bibelsommer på Centro Sarepta står i denne samanhengen, utvida med at ein ved å reisa hit får kombinert det med sydentur med varme og bading.

Det er viktig at kristne legg kristne aktivitetar inn i familiens og storfamiliens liv. Det er med og skaper åndeleg samfunn i familien, både kjernefamilien og storfamilien. Det kan bety mykje for familielivet og for dei unge si kristne tru. Det er viktig at barn og unge ser at besteforeldre og foreldre prioriterer det kristne fellesskapet og samling om Guds ord. Det er med og gje retning i livet, der ein prioriterer dei evige verdiane. Det å prioritera det kristne fellesskapet på denne måten, vil også vera med å prioritera misjon. Alle generasjonane får informasjon om misjonsarbeidet og tilknytting til dette.

I ein sum: Både kjernefamilien og storfamilien bør prioritera kristne fellesskap i ferien og elles – og svært gjerne på Centro Sarepta!

Johannes Kleppa

foto: Ole A Meling