Misjon – Ordet og fellesskapet

Det er mange og viktige oppgåver på denne jorda, men ikkje noko overgår misjonsoppgåva. Denne gjeld folks frelse, folks evige ve og vel. Like fullt har misjonsoppdraget ein tendens til å koma i bakleksa. Det er så mykje av jordiske ting som lett kjem først. Det ligg både til vår natur og til livsvilkåra på jorda at det vert slik. Som Guds folk treng vi difor motvekt til dette, slik at misjon får førsteprioritet.

Eg skriv desse linene i det eg skal på bibelhelg for Sarepta på Holmavatn. Dette er like mykje ei misjonshelg som det er ei bibelhelg, og det av fleire grunnar. Det første og grunnleggjande er at det er ved forkynning av Guds ord at misjonsengasjement vert skapt. Då tenkjer eg ikkje primært på misjonsforkynning, sjølv om det er viktig. Eg tenkjer på forkynning av evangeliet til syndsforlating og frelse, til oppreising og nytt liv. Misjon spring fram av evangeliet, og misjonssinn spring fram av erfaring av syndstilgjeving. Bibel og misjon heng altså saman som to sider av same mynten.

Misjon heng også nøye saman med kristent fellesskap eller livet i det heilage samfunnet. Misjon har dårlege livsvilkår om ein berre baserer det på giroblankettar, nyhendebrev og digitale opplegg, sjølv om alt dette har sin funksjon. Arnestaden for misjonsengasjement er det heilage samfunnet. Også av denne grunnen er ei bibelhelg viktig. Samfunnet skaper misjonsglød. Ein får sjå og oppleva at ein står saman i ei felles teneste og eit felles arbeid.

Heile livet mitt har vore knytt til kristent arbeid på ulike måtar, og det starta som ungdomssekretær i det som då heitte Santalmisjonen, som no er del av Normisjon. Der hadde vi ein svært god informasjonsavdeling, og blant slagorda var: «Ein vert ikkje heit av det ein ikkje veit» og «Kunnskap skaper kjærleik». Misjonsinformasjon er viktig. For Sarepta sin del skjer det via nettsider, Facebook og Sareptanytt, men særleg rundt om på dei mange møta. Forkynning og informasjon går hand i hand, og det løyser ut bønneteneste og gjevarteneste. Når ein er samlast til bibelhelg, kan ein på ein enda sterkare måte få motta informasjon på eit personleg plan i samtale og kontakt.

Poenget med desse få linene og enkle tankane er å få fram kor viktig det er at Guds folk møter fram på bibel- og misjonssamlingar, slik at misjonselden kan tennast og nørast. Det er vanskeleg, for ikkje å seia umogleg, å halda misjonsengasjementet levande i einerom – om det ikkje er Herren som har teke ein avsides til Ordet og bøna.

Johannes Kleppa