Forkynninga – «sit berre og høyrer»?

«Akta foten din når du går til Guds hus», seier Forkynnaren, og så fløyer han til: «Kom dit for å høyra!» (For 4, 17)

Det er mange grunnar for å gå i den kristne forsamlinga, og det er mange typar møte å gå på. Vi kan gå dit for å syngja lovsongar og andre songar, be og takka, vitna og gje våre gåver, for å ha åndeleg og sosialt fellesskap – for å nemna noko. Som dei vaksne gjerne vil ha ein kaffikopp og litt å bita i etter møtet, vil barn og unge gjerne har litt leik og aktivitetar. Alt dette er både rett og godt, men det er ei sak som overgår alt anna: «Kom dit for å høyra!»

Den bibelske formaninga som er teken oppatt flest gonger i Skrifta, er: «Høyr!» Motsatsen til denne er: «Forkynn!» Dette har sin grunn i at Ordet og forkynninga er nådemiddel. Det er ved det Gud gjer sin gjerning til frelse, helging og utrustning til teneste. Guds rike er slik sett ulikt alt anna på denne jorda, og difor tenkjer vi lett feil om verdien av forkynning, og kva forkynninga verkar.

Til tider høyrer vi utsegn som at på møta er vi altfor passive. «Vi sit berre og høyrer», vert det gjerne sagt. Vi sit som i ein buss og berre ser kvarandre i nakken. Det må skje noko meir aktivt. Nokre gonger kan det vera eit element av sanning i dette, om det er uttrykk for at spekteret av nådegåver ikkje kjem til sin rett. Derimot er det grunnleggande feil med tanke på forkynninga sin karakter og funksjon.

Etter at reformasjonen var innført i landet vårt, og vi gjekk over frå katolsk til evangelisk luthersk kristendomsforståing, vart mange kyrkje ombygde. Talarstolen kom i fokus. Alle sin augo skulle vera vende mot talarstolen og presten som Ordets tenar, slik at hjarta vart innstilt på forkynninga. Den same tanke låg til grunn då vi fekk bedehus. Benkene eller stolane vart passerte slik at blikket og merksemda vart fest mot det som skjedde på talarstolen – altså mot Ordet og forkynninga.

Saka er den, at den mest grunnleggjande teneste i den kristne forsamlinga, og denne er absolutt lik for alle, er å sitja i ro og høyra Guds ord forkynt. Det er det mest aktive vi kan gjera, men inn for Gud er vi då i ein passiv posisjon, der Gud er den aktive og handlande. I alt som gjeld frelse, helging og åndsutrustning kan vi ikkje vera anna enn passive, om Guds skal få gjera sin gjerning.

I Efeserbrevet talar apostelen Paulus om fem ulike nådegåver som har med Ordet og forkynninga å gjera, og så seier at desse er gitt av Gud og sette i forsamlinga, «så dei heilage kunne setjast i stand til å gjera teneste, til å oppbyggja Kristi lekam». (4,11f)

Paulus seier altså ikkje at desse Ordets nådegåver er gitt for at folk skal koma til tru og verta frelste. Det kunne han ha sagt, fordi det står andre stader i Bibelen. Han seier heller ikkje at desse åndsgåvene er gitt for at kristne skal kunna leva eit kristent liv i helging. Også det kunne han ha sagt, fordi Skrifta lærer det.

Det han her seier, er at kristne ved desse grunnleggjande nådegåvene vert utrusta til teneste. Den beste leiaropplæringa og åndsutrustninga skjer altså ved at vi er passive, ved at vi sit der og høyrer Guds ord forkynt. Då gjer Gud sin gjerning. Eit av dei store problema i dagens kristenliv, er at mange som har oppgåver i kristne samanhengar, høyrer så lite Guds ord forkynt, og med det går glipp av den grunnleggjande åndsutrustninga til teneste.

La oss lytta til den gamle Forkynnaren, og akta på at vi går på møte for å høyra, slik at Gud ved Ordet får gjera sin gjerning i livet vårt – til frelse, helging og teneste.

Johannes Kleppa