Slik lyder tittelen på ei ny bok utgitt på Sarepta Medier. Det er Johannes Kleppa som er forfattar og tema er Salomos høgsong. Boka er svært overkommeleg. 30 små andaktar som passar godt ved frukostbordet.
«Salomos høgsong er ei svært spesiell bibelsk bok, og ho er ulik alle andre bøker i Skrifta.» Slik begynner boka i forordet. I tidlegare tider var Salomos høgsong ei av dei mest siterte bøker, i dag er ho sjeldan i aktiv bruk mellom kristne. Vi trur det er eit stort tap for dei truande. Vi treng denne boka. Ingen bøker skildrar kjærleiken, venskapet og lengten som fins mellom brur og brudgom. Kristus er brudgomen og den truande er brura. Dette forholdet er ikkje bare intellektuelt og distansert. Det er ekte, følbart og nært. Forholdet til Jesus er svært fortruleg og er ein kristens største lukke.
I Salomos høgsong gir oss ein innblikk i dette gjennom kjærleiken mellom Salomo og Sulamit. Ingen bøker i Bibelen speglar denne Gudsrelasjonen som Salomos Høgsong.
Johannes Kleppa skriv poengtert og lettfatteleg, og er ei god hjelp som kan vere med å opne opp innhaldet i Salomos Høgsong.
Sarepta held produksjonskostnader og trykkekostnader så låge at vi kan tilby denne boka i stivt bind for kun kr 90,. Boka har også ein nydeleg layout, og passar slik som ei fin gåvebok. I stadenfor blomster, så kan du gje denne neste gong.
For bestilling, lsend mail til post@misarepta.no, eller møt opp på eit av våre møter. Då slepp du porto/gebyr på 90,.
Ole Andreas Meling