Kristne friskular er avgjerande viktige

Eg har lenge sett kor viktige dei kristne friskulane er, på alle nivå. Det har like lenge undra meg at ikkje fleire kristne foreldre prioriterer desse skulane for borna sine. Det er på grensa til at eg vert opprørt når kristne, og særleg unge kristne, snakkar ned kristne skular, og til tider åtvarar mot å satsa på slike.

Det er særleg to argument som vert brukte mot kristne friskular. Det eine er uttrykk for ei feil framstilling av den faktiske situasjonen ved dei aller fleste av desse skulane, og det andre er korttenkt med tanke på dei unge sitt livsløp.

Det første går på at kristne ikkje skal klumpa seg saman og leva som i ei kristenboble. Ein bør ha kontakt med folk utanom kristenbobla, altså med ikkje-kristne. Dette argumentet baserer seg på at det praktisk talt berre er kristne på kristne skular, og at det berre er likesinna ein med det har kontakt med. Dette er nokså langt frå den faktiske situasjonen på skulane og for dei unge sitt liv.

Det er nokre få barne- og ungdomskular som praktisk talt berre har elevar frå kristne heimar, men det er også nokre vidaregåande skular som nesten har berre ikkje-kristne elevar. For dei aller fleste er det slik at det er omtrent 50/50 kristne og ikkje-kristne. Det betyr at dei kristne elevane har nok av jamaldringar å bryna seg på og vera vitne for. Det er altså ikkje ei reindyrka kristenboble.

Ein kristen elev på ein kristen ungdomsskule gav uttrykk for at dei der var så mange og hadde så god støtte i lærarane, at dei fekk hjelp til å leva som frimodige kristne, og dei hadde samstundes mange å vera vitne for – og det kunne dei altså vera på ein god måte ved at dei stod saman. Det viser seg ofte at det er svært vanskeleg å vera eit Kristus-vitne når ein er åleine som kristen, ikkje minst som ung kristen. Det ser ein også på kristne skular med få kristne elevar, og då er det gjerne lærarane som vert støtta.

Vi har ikkje mange vekkingar her i landet for tida, sjølv om det no samlast mykje folk til vekkingsmøte på Vigeland. Når vi dei siste åra har lese om vekking, har det ofte vore knytt til ein kristen vidaregåande internatskule. Det viser for det eine at det er ikkje-kristne elevar ved skulen, og det viser at det er eit åndsmiljø som legg til rette for vekking.

Det andre argumentet er at ein skal vera eit kristent vitne i kvardagen, og det er ein best i ein ikkje-kristen samanheng, altså ved offentlege skular. Det er eit korttenkt argument, fordi det er ikkje-kristne elevar å vera vitne for også på kristne skular, og at det der vil vera ein større samanheng å vera vitne i. Dessutan er åra på ein kristen skule ein relativt kort periode av livet, og skuletida skal vera med og gje utrustning til tida etter ein er ferdig på skulen og skal studera eller gå ut i arbeid. Ein kristen skule kan bevara unge kristne og utrusta dei slik at dei vert tydelege kristne og aktive i vitneteneste og misjon gjennom eit langt liv. Det som skjer etter skuleåra, er minst like viktig som det som skjer i skuletida med tanke på vitnetenesta ved den utrustninga ein har fått. Ein kristen skule skal vera med å prega personlegdommen og skapa ein kristen integritet.

Desse to argumenta, kristenbobla og vitnetenesta, vert gjerne haldne saman i eit argument som seier at ein treng å få bryna seg som kristen. Det kan altså ofte også skje på ein kristen skule, men ein skal også vera klar over at mange unge kristne er ikkje åndeleg modne til «åndeleg krig». Dei vil bukka under. Til lågare i alder dette gjeld, til meir aktuelt er det. Kristne foreldre skal syta for at borna deira får kristen opplæring med tanke heile livet, og det får dei ikkje i dagens offentlege skule. Dei skal ikkje senda borna ut i ein åndeleg situasjon som dei ikkje er modne for, så sant det er mogleg å unngå. Offentlege skular verkar i stor grad avkristnande. Det ser ein ikkje minst knytt til Pride.

Elevar ved kristne skular er ikkje der heile døgnet, og dei har ikkje alle sine aktivitetar der – kanskje bortsett frå nokre ved kristne vidaregåande internatskular. Dei aller fleste har ein familie å førehalda seg til, naboskap, venner og aktivitetar dei er med i, slik som idrett. Dei møter altså langt fleire enn dei møter på skulen, og får slik både brynt seg som kristne og har høve til å vera vitne. Dei får dessutan vener i eit stort geografisk område og i ulike familie. Det gjer livet rikare, og det skaper utfordringar.

Konklusjon: Kristenfolket bør satsa på så mange kristne friskular som mogleg på alle nivå, og kristne foreldre bør prioritera kristne skular så sant det er mogleg! Kristne skular er mellom dei beste barne- og ungdomsarbeidarane og forkynnarane vi har, og difor kan ein gjerne ved behov brukar pengar frå misjonskassen på desse.

Johannes Kleppa