Centro Sarepta må innfri lån som går ut

Då Centro Sarepta vart kjøpt, vart eigedomen finansiert ved private lån, gåver og aksjekapital i eit «hjelpeselskap». Vi har ikkje banklån. Hovudfinansieringa var ved rente- og avdragsfrie lån på kr 250.000 for fem år. Dette har gjort at vi praktisk talt ikkje har hatt rentekostnader. Dette var ei svært gunstig finansieringsordning.

Eigedomen kosta kr 10 mill. I tillegg kom nokre etableringskostnader. Vi har også gjort ein del investeringar, slik som oppgradering av badebassenget, energisparing, lydisolering, senger, madrasser, stolar og diverse anna. Totalt utgjer kjøp og investeringar kr 12-13 mill. Det meste av oppgraderinga er teke over drifta ved senteret og ved overføringar frå Misjon Sarepta. Samstundes er det føreteke nedbetaling av lån, slik at gjelda no er ca kr 6 mill. Etter mitt skjønn er det svært bra.

Vi fekk omtrent 30 lån på kr 250.000. Lånetida har no gått ut, men dei fleste har lete lånet stå vidare. Det er vi svært takksame for. Nokre har konvertert lånet til gåve, som vi også er svært takksame for. Andre har ønskt eller ønskjer no lånet tilbakebetalt. Det er heilt greitt, og vi er svært takksame for at dei har bidratt til finansieringa av senteret.

Sarepta har stadig utvida arbeidet både i Noreg og i Spania, ikkje minst ved å tilsetja forkynnarar. Det har gjort at utgiftene også har auka, men inntektene har fylgt med. Sarepta har så langt hatt ein sunn økonomi, men det har ikkje vore mogleg å byggja nokon buffer for å ta ekstraordinære utgifter. No er inntektene og likviditeten slik at det strekk akkurat til for den daglege drifta, men gåvene må vidare opp for å klara det vi i tru har satsa framover.

Det vi ikkje har likviditet til no, er å betala tilbake to lån, altså kr 500.000, i løpet av nokre månader. Det må styret finna ei løysing på, og vi skriv difor denne orienteringa, om det skulle vera einkvan som kunne gje nokre større gåver med tanke på dette, eller gje oss nye lån på kr 250.000 for dei som vi no skal innfri. Vi må også kalkulera med innfriing av lån neste år. Desse låna er altså rente- og avdragsfrie, men som ei form for renter får långjevaren fritt opphald på eit dobbeltrom med frukost ei veke i perioden 15. februar til 15. november, eller to veker i perioden 15. november til 15. februar.

Mi oppfordring er at ein omset noko av det ein måtte ha på kistebotnen eller på reservekontoen til misjon og sjelevinnararbeid!

Johannes Kleppa