Livet opplevest meiningslaust

Vi lever i ei tid der det skjer store endringar på mange område, og endringane skjer på uvanleg kor tid. Ein del av desse endringane er av svært grunnleggjande og dramatisk karakter. Det gjeld særleg det som har med religion, livssyn og ideologi å gjera, fordi det grip direkte inn i forståinga av seg sjølv og livet.

Dette skjer ikkje berre i vårt land, men i Vesten i det heile, og kanskje særleg i Norden. Utviklinga er nokså lik i dei ulike landa, men det kan variera litt kor langt ein har kome. Ei undersøking som nyleg vart gjort i Sverige, dokumenterer dette på ein tydeleg og uhyggeleg måte, og det er grunn til å tru at det er omtrent likt i Noreg.

I 2003 sa seks prosent i Sverige at dei opplevde livet som meiningslaust. I år, altså berre 20 år seinare, sa 24 prosent det same, og blant unge menn var prosenten heile 35. Dette er svært dramatisk, og eit kjempeproblem for dei det gjeld. Når det dreier seg om ein så stor del av folket, er det også ei stort problem for samfunnet, men det synest ikkje som at politikarar og andre med samfunnsansvar ser det.

Det er nok fleire grunnar til denne negative utviklinga, men det mest avgjerande er kva åndsjord folket veks opp i og lever i, altså dei ideologiske røtene som tenkinga kjem frå. «For å øydeleggja eit folk, må du kutta røtene deira,» har det vorte sagt. Det har i veldig stor grad skjedd den siste generasjonen, og så har det vokse ut nye røter i tenkning som ikkje gir livsmeining. Den kristne tenkinga og kulturen har mista makt til fordel for sekulær eller gudlaus tenking. Det har gitt seg ulike negative utslag.

Den kollektive tenkinga eller den fellesskapstenkinga med vekt på nestekjærleik og omsorg som ligg som ein berebjelke kristentrua, er bytt ut med reindyrka individualisme og sjølvrealisering. Det verkar både samfunnsoppløysande og isolerande, og tappar livet for meining. Ved at mennesket vart skapt i Guds bilete, vart det skapt til samfunn både med Gud og kvarandre. Der dette fell ut, tek ein botnen under livet. Når mennesket vert overlate til seg sjølv, vert livet meiningslaust. Sjølvrealisering har ikkje berekraft til å skapa meining med livet, fordi det lett mislukkast – særleg når både kropp og liv vert samanlikna med andre.

Den oppløysinga og utviskinga som skjer når det gjeld kjønn, fører til akkurat det same. Når ein ser bort frå at mennesket er skapt i Guds bilete som mann og kvinne, og med det overser det biologiske ved livet, vert det uklart kva eit mennesket er. Den radikale kjønnstenkinga og identitetspolitikken som har vokse fram, der mennesket sjølv kan «velja» sitt kjønn ut frå opplevinga av seg sjølv, og der det er langt fleire «kjønn» enn mann og kvinne, kjem forståing av seg sjølv i spel, og det heile vert flytande. Mennesket må ha ei sikker og rett oppfatning av seg sjølv for at livet skal kunna innehalda meining. Ei slik oppfatning må ha eit ankerfeste og eit orienteringspunkt utafor seg sjølv. Det å ha berre seg sjølv som ankerfeste, er som å kasta ankeret i båten. Ein treng ikkje vera sjømann for å forstå at det hjelper absolutt null. Kristent sett må ankerfestet vera i Gud og hans skapargjerning, og i Jesus og hans frelsesverk på Golgata.

Det er nok fleire straumdrag frå vitskap og filosofi som har ført oss dit vi er i dag. Etter mi overtyding ligg det aller meste i evolusjonslæra, slik denne møter dei unge heil frå barnehagen, og fylgjer dei gjennom heile skulegangen og til universitetet. Dette er ei naturalistisk og gudlaus tenking, der mennesket vet seg sjølv nok – og der mennesket må produsera alt, inkludert meining med livet. Det er ei prosjekt som ikkje lukkast i lengda.

Det same finn vi i postmodernismen, der alt er relativt og ikkje noko er absolutt sant. Der den objektive sanninga må vika for ei subjektiv og flytande «sanning», undergrev ein alt som heiter meining. Livet vert meiningslaust når det berre har sitt feste i det relative og subjektive.

Det er å vona at undersøkingar av den typen som er gjort i Sverige, får ansvarlege folk til å stoppa opp og spørja seg kva det er vi har gjort som har ført oss dit vi er no. Kanskje dei då kan sjå at menneskets livsrøter har sitt beste feste i og får si beste næring frå kristen tenking, frå Gud og Guds ord.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock