Den sunne læra

I Bibelen har vi tre brev som går under samlenemninga Pastoralbreva. Det er breva til Timoteus og Titus. Dei er kalla pastoralbrev fordi dei er skrivne som rettleiing, formaning og oppmuntring til to av apostelen Paulus sine medarbeidarar. Med det handlar dei mykje om kristen teneste, særleg om åndelege leiarskap og kva krav som må stillast til kristne som skal vera åndelege leiarar og ha andre tenester.

På Centro Sarepta legg vi vinn på å ha stor breidde i undervisninga, slik at det skal verta undervist i heile Guds råd, og vi vil gje innføring i ulike sider ved kristen tru og kristent liv. Sist veke hadde vi ti timar med undervisning i sjelesorg ved Wenche Slimestad. Undervisninga var livsnær og aktuell, kombinert med å vera sentralt bibelsk orientert.

Skal kristen sjelesorg vera ekte sjelesorg, må ho vera basert på og formidla sunn lære om kristen tru og kristent liv. Det gjeld for alt som har med kristen tru, liv og teneste å gjera. I Pastoralbreva er den sunne læra i fokus, og då kva slik lære inneber og kor viktig denne er. Underteikna har hatt nokre timar frå desse breva, og løfta fram nokre glimt til lærdom for oss. Paulus framhevar at når Timoteus held seg til den sunne læra, skal han frelsa både seg sjølv og andre. Han vert difor formant til å halda fast på læra, slik han har lært denne frå barndomen og frå apostelen Paulus.

I dagens situasjon er dette svært aktuelt, ikkje minst i etiske spørsmål og med tanke korleis etikken og livet er å forstå i forhold til evangeliet og trua. Biskopar, teologiske professorar og mange andre skil etikken eller lova frå evangeliet på ein ubibelsk måte, altså slik at det vert vrang lære. Det vert hevda at i etiske spørsmål, slik som i samlivsspørsmål og ekteskapsspørsmål, kan ein vera usamde og leva med «to syn», fordi det ikkje rokkar ved evangeliet. Slik lærer ikkje apostelen Paulus i Pastoralbreva, som biskopar og andre åndelege leiarar burde lesa ekstra nøye. Apostelen gjer der heilt klart at der ein bryt med Guds lov og kristen etikk, er ein i strid med den sunne læra etter evangeliet om Guds nåde (1 Tim 1,9-11).

Innhaldet i og forholdet mellom lova og evangeliet som uttrykk for den sunne læra, er ein gjengangar i Pastoralbreva. Det er også kombinert med ei sterk formaning til gudsfrykt, og det vert konkretisert kva det inneber i praksis. Nøysemd og forholdet til pengar er særleg framheva.

I brevet til Titus er det også ei sterk understreking av gode gjerningar, og desse kjem praktisk til uttrykk i kvardagens liv og i diakoni. Gode gjerningar fylgjer av den sunne læra. Læra er altså ikkje berre noko teoretisk, men ho verkar den rette og sunne trua og det rette livet etiske sett og gode gjerningar.

Den sunne læra er alltid aktuell og avgjerande. I den åndssituasjonen vi lever i no, er det sider ved den sunne læra som vi bør leggja ekstra vekt på. Det gjeld spørsmålet om kristen etikk, særleg i samlivsspørsmål, og det gjeld kjærleiken til pengar og den materialismen som vi alle er under sterkt åndstrykk frå. Det gjeld altså kva vi forkynner og underviser, korleis livet er og korleis vi prioriterer, særleg med tanke på misjon og folks frelse.

Johannes