Mykje positivt på Centro Sarepta

Eg har no vore på Centro Sarepta ei veke, og eg skal vera halvanna veke til. Eg har til saman sikker vore eitt og eit halvt år på senteret sidan vi starta opp. Eg har vore alle tider på året, og på alle typar arrangement, men eg kan ikkje minnast nokon periode med så mykje folk og så stor variasjon i gjester på senteret som i den perioden på tre veker som vi er inne i no, sjølv om det var mange også i haust.

Det aller viktigaste er at vi har to faste volontørar og ein fast elev. Dei betyr mykje for senteret, og vi trur opphaldet betyr mykje for dei. Dei er eit stort takke- og forbønnsemne. Vi veit det kjem nye volontørar til hausten både på den nordiske og den spanske lina, og vi vonar på nokre elevar også.

Denne veka har vi hatt besøk frå Sygna vidaregåande skule. Det er elevar som går på lina for helsefag. Det har vore ei flott gruppe å ha på huset, og dei har gitt oss mykje glede. Det synest som også dei har hatt utbytte og glede av opphaldet. Dei har vore med på den spansk-norske andakt- og bønnesamlinga om morgonen, og på den første bibeltimen – som har vore gjennomgang av 1. Peters brev ved Jon Syver Norbye. Det har vore til stor oppmuntring å ha denne ungdomsflokken i klasserommet. Nokre av elevane har hatt praksis i relevante yrke, og gruppa har delteke i diakonale oppgåver. Vi håper å sjå Sygna-folk att på tilsvarande opplegg seinare!

Komande veke vert det fleire ektepar og andre her, slik at det også då vert ein god flokk totalt sett. Også etter det kjem det fleire gjester for ei veke eller to. Nokre stikk også innom på dagsbesøk.

Om ei vekes tid kjem Bildøy Bibelskole med ei gruppe studentar, og vi trur også det vert ei god veke. Det er veldig flott å få besøk av ein bibelskule. Ein annan klasse frå Bildøy var dessutan på dagsbesøk sist søndag, og då hadde vi møte kl 11. Om nokre dagar kjem også ei gruppe frå Nordborg videregående skole på dagsbesøk.

Det betyr sjølvsagt mykje økonomiske for senteret og arbeidet i Spania at det er godt med besøk, men det som er enda viktigare, er at mange får høyra Guds ord forkynt og undervist. Dessutan får alle skulane som er her ei veke eller som er på dagsbesøk, orientering om Sarepta og arbeidet i Spania, og særleg opplegget på Centro Sarepta, og litt om den åndelege situasjonen i Spania. Det trur vi på sikt både vil gje elevar og støtte til Sarepta sitt arbeid.

Noko av det aller viktigaste er at det i helga kjem ei gruppe på 30 spansktalande som skal ha ein kort leir. Det er jo midt i blinken for tanken med Centro Sarepta.

I tillegg til bønn og undervisning har vi også denne veka hatt noko diakonalt arbeid ved senteret. Dessutan har vi kunne hjelpa andre litt ekstra ved besøket frå Sygna.

Vi må heller ikkje gløyma at gjester stadig ønskjer å hjelpa til med praktisk arbeid. Denne veka er det særleg plenen som får eit løft, men også maling – og kanskje vil det skje meir i veka som kjem!

Det kjem dessutan godt med folk på Bibelsommer ved senteret i år. Vi får også stadig nye kontaktar rundt om Spania, og vi har no også fått kontakt i universitetsmiljø, som det vert spennande å sjå kva kan føra med seg. Vi håper også å få auka mannskapet frå hausten av!

Det er altså mykje å takka og be for når det gjeld Centro Sarepta og arbeidet i Spania – og mykje å gje til!

Johannes Kleppa