Det allmenne prestedømet og demokratiet

Det vert nokre gonger snakka som om det allmenne prestedømet er ei demokratisk ordning, men det er misvisande. Demokratiet er ei samfunnsordning, medan det allmenne prestedømet er ei ordning for den kristne forsamlinga. Omgrepet «det allmenne prestedømet» er eit teologisk eller åndeleg uttrykk, ikkje eit demokratisk eller politisk omgrep.

Rett nok er det slik at alle Kristus-truande høyrer til det allmenne prestedømet, i det ein tilhøyrer den kristne forsamlinga, og alle har med det ei åndeleg teneste i kraft av det. I det politiske og demokratiske arbeider ein med makt, avstemming og fleirtal, men i det allmenne prestedømet arbeider ein ut frå syndstilgjeving, åndsutrustning, nådegåver og ved Ordets forkynning. Det å vektleggja demokratiske avstemmingar i det allmenne prestedømet, er ei avsporing med tanke på kva dette prestedømet er. Dette gjeld særleg i åndelege, teologiske og læremessige spørsmål, noko anna er det i praktiske, administrative og organisatorisk spørsmål – sjølv om dette ofte glid over i kvarande.

Det allmenne prestedømet må ikkje stå åleine eller reindyrkast med tanke på at alle der står likt. Det må haldast saman med nådegåveprinsippet, det åndelege leiarskapet og Ordets forkynning. Gud har ved tru og dåp sett alle inn i det allmenne prestedømet, men han har samstundes kalla og utrusta folk med ulike nådegåver. Desse skal lyttast til. Alle står ikkje likt med tanke på åndsutrustning, kall og nådegåver. Det må respekterast av alle i det allmenne prestedømet. Gud styrer primært ved Ordets forkynning.

Eg har registrert at det ved avstemmingar om kvinner kan sitja i lære- og hyrderåd eller ikkje, har det vorte argumentert med at det har vore ein ryddig og god prosess, slik at alle kan leva med resultatet. Det er ein politisk og allmenn argumentasjon, ikkje ein åndeleg eller teologisk. Kva som er rett i åndelege spørsmål, vert ikkje avgjort ut frå prosessen, men ut frå Guds ord. Det allmenne prestedømet er bunde av Skrifta, og konfesjonelt er det bunde av vedkjenningsskriftene. Det er heller ikkje snakk om ein kan «leva godt» med eit vedtak, men om vedtaket er rett etter Skrifta.

Det allmenne prestedømet er altså styrt og bunde av Skrifta, og ikkje av fleirtal. Då må ein nedtona det demokratiske, og løfta fram det bibelforplikta og bibelbundne. Dette kjem til uttrykk ved at Herrens kall og Andens gåver vert brukte og respekterte, særleg forkynning.

Då eg byrja i Indremisjonsforbundet på slutten av 1970-talet, var Rolf Onarheim generalsekretær. Han brukte å avgrensa det allmenne prestedømet frå det allmenne demokratiet ved å snakka om eit «åndeleg demokrati». Med det ville han ha fram at ein ikkje stod fritt til å velja, men at det måtte skje på basis av Guds ord og i respekt for den åndsutrustninga Herren gav. Det var også berre då ein kunne snakka om «det myndige lekfolket».

Våre kristne organisasjonar er bygde opp som demokratiske organisasjonar med foreininga som grunncelle, og med det ei form for representativt demokrati. Det fungerer godt om ein tek det allmenne prestedømet på alvor i lys av Guds ord og Herrens gåver og utrustning. Dersom ein i åndelege spørsmål, derimot, kjører på det demokratiske og brukar den makta som ligg i avstemmingar og fleirtal, vil ein undergrava åndskvaliteten og åndsmakta i organisasjonen, til skade for forkynninga og frelsesspørsmålet. Demokratiet kan i kristen samanheng lett verta ei åndeleg svøpe, medan det allmenne prestedømet bibelsk sett er Guds reiskap til å nå folk med Ordet og Anden til frelse.

Johannes Kleppa