Vekking og fråfallsteologi

Stig Magne Heitmann skreiv for litt sidan ein svært tankevekkande og ransakande artikkel i Dagen, «Hva koster vekkelse?» Han gav mange døme på kva omvending og vekking kan kosta på det personlege planet, historisk sett og i ulike delar av verda i dag. Han peika på eitt moment som vil vera særleg aktuelt og utfordrande for oss i Vesten, ikkje minst i Noreg, framover:

«Kommer det sann kristen vekkelse i folket som tilhører Den norske kirke og Metodistkirken, må vekkelsen nødvendigvis føre til et kraftig oppgjør med «frafallsteologien». Vi kan verken vinne mennesker for Jesus eller lede dem på disippelveien uten å ha en klippefast tro på Bibelens budskap og ord. «Det er bedre om det blir hengt en kvernstein rundt halsen på dem som fører en av de nyfrelste vill.» Biskoper og prester og andre med makt blir utfordret.»

Heitmann set med det fingeren på eit punkt som knapt nokon vågar å setja fingeren på. Det gjeld det han omtalar som «frafallsteologi», og i den aktuelle samanhengen gjeld det særleg den nye teologiske tenkinga om kjønn, samliv og ekteskap. Gudsendt vekking vil kollidera med og ta oppgjer med denne teologien, og då vil det ramma heilt til topps i Den norske kyrkja, og no også i Metodistkyrkja. Ja, det vil særleg ramma i toppskiktet, og med det vil motstanden verta sterk.

Den nye teologien skaper barrierer for sann vekking, og det krevst omfattande endring i teologisk tenking og praktisk livsførsel om vekking når inn der slik teologi råder. Omvendinga vert både teologiske og livsmessig radikal. Frå vekkingshistoria kjenner vi mange døme der omvendinga har vore radikal, og ført til stor endring i livet, men her må det også stor endring til i den teologiske tenkinga. Det som no ikkje vert definert som synd, vil ved åndsboren vekking erkjennast som synd, som ein må få tilgjeving for, ta oppgjer med og venda seg frå.

Den utviklinga som har vore i Den norske kyrkja, ber motsett forteikn av vekking. Det er, som Heitmann skriv, uttrykk for fråfall – fråfallsteologi. Det er ei tragisk utvikling. Kyrkja vert åndeleg utarma.

Det er med sorg ein no må erkjenna at den same utviklinga er koma langt i Metodistkyrkja, som starta som ei sterk vekkings- og misjonsrørsle. Metodistkyrkja oppstod som resultat av ei stor vekkingsrørsle innan den anglikanske kyrkja med John Wesley (1703-1791) som ein særleg reiskap. Det er nesten utruleg at Wesley si vekkingskyrkje utviklar seg slik vi no ser, og difor er det eit sterkt vekkarrop til oss som vil stå for sann bibeltruskap og ekte vekkingsliv. Fråfallet kan koma over alt. Rett nok har Metodistkyrkja globalt sett foten litt i bakken mot utviklinga, men biskopen for Norden proklamerer i einskapen sitt namn at det vil raskt verta opna for likekjønna vigsel her i landet, og tilsvarande teneste. Han kjører med det splitting inn i sitt eige kyrkjesamfunn og i forhold til evangelisk arbeid generelt.

Teologi er ikkje berre ei teoretisk sak. Det gjeld tenking og liv. Teologien dannar basis for forkynninga, og forkynninga er avgjerande for vekkinga. Der teologien sviktar, sviktar forkynninga, og då vert det ikkje vekking, omvending og misjon. Vi må difor vera oss svært medvitne kva teologiske fundament vi har for forkynninga, og vi må vera oss like medvitne forkynninga sitt siktemål i omvending og nytt liv, vekking og misjon. Vi må også vera oss medvitne den fronten som er i forhold til fråfallsteologien, og vi må vera villige til å ta dei kostnadene det fører med seg – og vi må ta spesielt godt mot dei som står i slik fråfallsteologi, og som vert vekte og kjem til omvending.

Johannes Kleppa