Forkynninga sin posisjon og substans

Det er to forhold i alt kristenliv og i alt misjonsarbeid som er avgjerande, og dei to forholda heng saman som to sider av same mynten. Det gjeld at Guds ord vert forkynt og høyrt. Ingen kan høyra utan at det vert forkynt, men det er mange måtar å høyra på. Bibelen talar om ulik hjartejord, og det er mange formaningar  i Bibelen til å høyra – og då høyra på rett vis. Om resultatet vert dårleg eller feil, treng det altså ikkje ha sin grunn i forkynninga, men i høyringa.

Det er like fullt ei føresetnad for å kunna høyra, og å høyra rett, at det vert forkynt, og at det vert forkynt rett. Då er det avgjerande viktig at forkynninga har den rette posisjonen, altså at forkynninga vert prioritert i arbeidet – og at Guds folk prioriterer høyringa. Det som er like viktig, er at forkynninga har skikkeleg substans, altså rett og solid innhald – og at tilhøyraren er villig til å strekkja seg etter å få tak i bodskapen. Sidan Guds ord er eit openberringsord, er ein avhengig av openberringsande for å kunna motta Ordet på ein slik måte at det får gjera si rette gjerning.

Misjon Sarepta ønskjer å vera ein forkynningsorganisasjon. Difor har vi som eit slagord at vi ønskjer å skapa møteplassar mellom folk og Guds ord. Dette er absolutt første prioritet i arbeidet, og difor arbeidar ein aktivt for å koma ut med ordet til så mange stader som mogleg, særleg der det er lite eller ikkje forkynning frå før. Vi prøver å leggja praktisk til rette for dette med bubilar og fast gjevarteneste, og ved å kalla forkynnarar til lønna arbeid eller til ulønna teneste. Det har vore ei glede å kunne tilsetja fleire forkynnarar dei siste åra, og å engasjera frivillige. Vi har knapt eit styremøte utan at dette står på saklista. Vi hadde nettopp styremøte, og dagleg leiar fekk då i oppdrag å kontakta fleire med tanke på forkynnaroppdrag i Sarepta. Må Herren driva ut dei han vil ha i slik teneste.

Det som er like viktig som at vi legg til rette for at Guds ord vert forkynt, og at forkynninga slik sett får den rette posisjonen, er at vi arbeider grundig med innhaldet i forkynninga, slik at det vert forkynning med bibelsk substans og ei bibelsk rett orientert forkynning. Eg har inntrykk av at kvaliteten på forkynninga varierer ein god del, og då tenkjer eg på forkynning knytt til bedehuset og i frikyrkjelege samanhengar. I Den norske kyrkja er nok variasjonen enda større, og ein god del der er utan bibelsk substans eller er bibelstridig.

Eg har også inntrykk av at det frå dei kristne organisasjonane si side vert arbeidd for lite med innhaldet i forkynninga, altså gje forkynnarane hjelp til rett bibelorientert forkynning og forkynning md bibelsk tyngde. Til tider synest det som at ein tenkjer at forkynninga er i orden når ein har sagt at forkynninga er viktig, og at ein vil prioritera forkynninga.

Saka er altså den at alt er ikkje på stell berre ein snakkar positivt om forkynninga, og at ein definerer seg som ei forkynningsrørsle. Dette gjeld også for Sarepta. Det er viktig at ein er oppteken med dette når ein skal kalla forkynnarar, slik at ein får folk som Gud har utrusta med nådegåve til å forkynna og at forkynnaren har ein bodskap å gå med. Ein bør likevel ikkje stoppa med det, men også gje forkynnarane hjelp i deira krevjande, men livsavgjerande oppgåve.

Det er ikkje plass her til å gå inn på forkynninga sin substans, men eg vil minna om kor viktig det er, og oppmoda til å arbeida med innhaldet i forkynninga, både frå forkynnaren si side og frå organisasjonane si side.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock