Kven er Satan?

Med visse mellomrom oppstår det spørsmål og debatt om kven Satan eller Djevelen er. I det siste har det vore tendens til ein slik debatt i Dagen, og då med synspunkt som seier at Satan ikkje er ein person, men heller ei eller anna åndsmakt. No er det slik at Bibelen ikkje gjev oss ei detaljert lære om Satans vesen og opphav, men nokre glimt får vi – og det er nok til å visa at han er eit individ eller ein person, men då av åndeleg karakter.

Det første møtet vi får i Bibelen med Gud, er at han stig fram som skapar. Det er ingen presentasjon eller definisjon av Gud, men vi lærer han i første omgang å kjenna gjennom ord og handling. Tilsvarande er det med Satan. Han vert ikkje presentert eller definert på førehand, men han stig brått inn i Edens hage, og då i skapnad av ein orm. Gjennom hans tale og handling lærer vi han å kjenna som freistar, forførar, løgnar og den som fører synd, liding og død med seg. Det er altså nokså greit å få greie på kven Satan er slik sett, men kva vesen er han?

Då Gud skapte universet, skapte han både ein synleg og ein usynleg del (Kol 1.16), og blant det usynlege er englane. Ut frå Bibelen er det nokså tydeleg at Satan høyrde til blant englane og hadde sin plass i himmelen. I Jobs bok er det fortalt om to rådslagningsmøte i himmelen mellom Gud og englane, som der er kalte Guds søner, og så seiest det at «i lag med dei kom Satan òg». (Job 1.6, 2.1)

Satan er altså av vesen som englane, og englane er omtalte som «tenande ånder» (Hebr. 1.14). Dei skal vera i teneste for dei som skal erva frelsa. Samstundes er det ut frå dei mange forteljingane i Bibelen om englar klart at dei opptrer som personar, og nokre av dei har fått namn, men som åndsvesen er dei ikkje bundne av tid og stad. Tilsvarande er det med Satan, men som fallen engel går hans «teneste» ut på å hindra at folk vert frelste.

Då Gud hadde skapt universet, proklamerte han at alt var berre godt. Då kunne det ikkje vera ein Satan, men fallet må ha skjedd raskt, for han steig tidleg inn i Edens hage. Når og korleis fallet skjedde, openberrar Bibelen ikkje direkte, men det talast om eit syndefall i engleverda, og at dei englane som fall, høyrer fortapinga til. (2 Pet 2.4, Judas 6) Sidan det ikkje er ein slektsamanheng i engleverda, slik det er med menneskeætta, fall englane som einskildindivid og ikkje som slekt. Det synest som at Satan var ein engel av høg posisjon, og at han ville gjera seg lik Gud. Det var altså dei englane som gjekk saman med Satan som fall, resten stod og står med det framleis i den tenesta dei var skapte til.

I Openberringsboka kapittel 12 er det fortalt at det oppstod ein strid i himmelen, der Mikael og englane hans stridde mot Satan og englane hans. Resultatet vart at Satan og englane hans vart kast ned på jorda, der dei arbeider intenst for å hindra Jesu frelsesverk og at folk skal tru på Jesus til frelse. Det er ulik tolking av om dette har skjedd eller om det høyrer endetida til. Eg trur det sist, og at det fører med seg at Antikrist vert kalla fram og vi får det antikristelege riket. Til sist skal Satan verta dømd og kasta i fortapinga, som er laga for han og englane hans.

Ut frå slik Satan vert skildra i Bibelen, og ut frå at han i opphavet var ein engel, er det tydeleg at Satan er ein person, at han etter opprøret mot Gud er gudfiendtleg og demonisk i sin karakter, at han fører ein demonisk åndskamp og at han har ei demonisk hær til disposisjon – «vondskapens åndehær i himmelrommet» (Gal 6.12). Han er kalla løgna sin far og denne verda sin fyrste. Han har eitt hovudmål, og det er å forføra folk slik at dei ikkje vert frelste.

Det er stor grunn til å ta Satan på stort alvor både som person og åndsmakt, men han er ikkje størst. Som Gud sette grenser for Satan i møte med Job, gjer han det også i dag. Satan prøvde stadig å hindra at Jesus vart frelsar, men han mislukkast alltid, og ved soningsverket på krossen vart Satan avvæpna. I møte med Jesus er Satan alltid nederlagets mann, og til sist vil det visa seg ved at han vert kasta i fortapinga.

Johannes Kleppa