Korleis møta liberal teologi?

Det er viktig å avklara kva som er liberal teologi, men det er også viktig korleis ein møter denne teologien. Om ein berre konstaterer at noko er i strid med Guds ord, men ikkje gjer noko med det, er det som å konstatera alvorleg sjukdom utan å gjera meir. Ein kan jo i ein slik situasjon vona på at kroppen lækjer seg sjølv, men sjansen for at det vert til død, er stor. Liberal teologi som det ikkje vert gjort noko med, vil på tilsvarande vis verka nedbrytande på forsamlinga og til sist føra til åndeleg død.

Det første ein må gjera i møte med liberal teologi, er altså å gjera seg klart kva dette er og alvoret i saka. Det synest til tider som at ein erkjenner at noko er i strid med Skrifta, utan at ein tek det på fullt alvor. Det er nesten som ein tenkjer at det skal gå over av seg sjølv berre det går litt tid, eller ved at ein i forsiktige ordelag påpeikar at dette er ein usamd i. Ein må ta på alvor at liberal teologi er som surdeig som gjennomsyrer heile deigen. Som kjent, skal det ikkje mykje surdeig til for at ein stor deig vert gjennomsyra. Til seinare ein grip inn mot den liberale teologien, til vanskelegare vert det å få bukt med han, og det kan rett og slett verta for seint. Deigen er gjennomsyrt. Ein må altså hindra at den liberale surdeigseffekten får gjera si  innebygde gjerning.

Liberal teologi har det med seg at han alltid opptrer offentleg. Det kan vera gjennom bøker, artiklar, føredrag, undervisning og forkynning. Då må også oppgjeret skje offentleg. Folk må få greie på kva som er galt med denne teologien og kvifor det er ei alvorleg sak. Det nyttar ikkje berre å ta det i intern fora eller i møte med den eller dei som fører liberal teologi, sjølv om også det må skje. All lære og forkynning er per definisjon offentleg, og då må også læreoppgjer og læretukt skje offentleg. I frikyrkelege samanhengar har ein no fått problem med liberal teologi på det samlivetiske området, og det synest å vera problem med å ta skikkeleg oppgjer med dette, nettopp fordi ein ikkje har tradisjon for eller er villig til å ta offentleg oppgjer.  Heldigvis er det nokre som ser dette, og tek tak i spørsmåla.

Det er ikkje nok med deklamatoriske utsagn om at ein står for «det klassiske synet». Det må førast ein sterk og tydeleg argumentasjon for kvifor dette er rett og kvifor det andre er galt. Det må også førast ein tydeleg tale om konsekvensane som det vranglærande synet ber i seg. Den liberale surdeigseffekten må altså takast på alvor og løftast fram. Dette er det ikkje nok å gjera ein gong, det må stadig gjerast på nytt. Som det ikkje er nok å forkynna Guds ord ein gong, men stadig, må det også gjerast med tanke på læreavklaring.

Vi må altså vera tydelege og eintydige i lære og oppgjer med vrang lære, særleg gjeld det sentrale leiarar og folk med læreansvar. Dette inneber ikkje at ein skal vera ufin eller karikerande i sin argumentasjon, tvert imot. Vi skal praktisera formaninga om å vera sanninga tru i kjærleik, men kjærleiken opptrer ikkje uklart eller tvetydig. Klare læremessige vurderingar og utsagn er ikkje uttrykk  for å vera hard eller ukjærleg, heller tvert imot. Liberal teologi treng ikkje alltid hengjast på namngjevne personar, men nokre gonger må ein det. Det viktigast er å få fram det generelle og prinsipielle.

Vi har ei utfordring ved at liberal teologi ikkje framstår av seg sjølv eller i eit vakuum. Det er alltid personar som framfører denne og det skjer i ein kristen kontekst. Det er altså liberale teologar som opptrer innan ein kristen samanheng, med dei relasjonane og venskapa som ligg i dette. Då gjeld det å skilja mellom sak og person, men oppgjeret må også få personlege konsekvensar med tanke på åndeleg tillit, slik at vedkomande ikkje får verka med surdeigen i sin samanheng. Her kan ikkje venskap og omsyn til interne forhold overstyra alvoret og oppgjeret, men det må skje med skjønnsemd.

Guds ord gjer det utvetydig klart at vi skal halda auga med dei som valdar kløyving og som fører til fråfall frå den sanne læra. «Vend dykk frå dei», seier Skrifta. Vi må praktisera den bibelske formaninga om «å kjempa for den trua som éin gong for alle er overgjeven til dei heilage», fordi det dreier seg om ei «høgheilag tru». (Jud v 3 og 20)

Johannes Kleppa