Adventstankar heile året

Johannes Kleppa:
Til Betlehem: Adventstankar
Sarepta Medier, 2022
Innbunden, 103 sider
Av Bård Hauge

Denne boka kom meg for seint i hende til at eg kunne få meldt henne før advent 2022. Difor kjem bokmeldinga på nyåret 2023 i visse om at boka kan brukast heile året. Rett nok er ho inndelt i 25 like store bolkar, som kvar utgjer 3 små sider og er daterte frå 1. til 25. desember, men innhaldet er aktuelt til alle tider pååret. Det er ei perle av ei bok, velskriven på lett nynorsk, og med vakker layout.

Bodskap om frelse

Boka fungerer som ei nedteljing til jul og har bodskapen om frelsaren som skulle fødast i sentrum. Ho spenner vidt og gir ein brei presentasjon av den bibelske forteljinga, frå skapinga og dei første menneska, via syndefallet og lovnaden om ein frelsar, til dei mange profetiene om Frelsaren/Messias og deira oppfylling i Jesus Kristus. Sjølvejuleforteljinga har fått stor plass, men også Jesu lidingssoge og hans oppstode, saman med den bibelske lovnaden om fullendinga på ei nyskapt jord. Boka er ganske lita, og Kleppa har ikkje tatt med mykje frå Jesu jordeliv og evangelielitteraturen utanom det som er direkte oppfyllingar av profetiane i Det gamle testamentet. Han har heller ikkje med mykje frå breva i Det nye testamentet. Likevel sit lesaren att med eit stort og rikt bilete av den lova Frelsaren og dei kåra han levde under.

Ei god bruksbok

Eg kan sjølv tenkja meg å bruka boka i adventstida 2023, om eg får leva så lenge. Men ho kan like gjerne fungera som ei 3-4 vekers andaktsbok kva tid som helst på året. Ho er også godt eigna som samtalebok for ei bibelgruppe eller ein studiesirkel, gjerne slik at
ein tek for seg 2-3 kapittel kvar gong, sidan dei er ganske korte. Johannes Kleppa er ein trygg og god vegleiar inn i det bibelske stoffet og ein stødig lærar i «den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage», for å bruka orda frå Judas’ brev vers 3

For bestilling post@misarepta.no